HeimNyheterForskrift om innsamling og handsaming av hushaldsavfall for NGIR-området

Forskrift om innsamling og handsaming av hushaldsavfall for NGIR-området

Grunngjevinga for vedtaket er gjeve i saksutgreiinga. Denne forskrifta vert gjeve med heimel i LOV-1981-03-13-6 Lov om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova) §§ 30, 31, 33, 34, 37, 48, 49, 50, 79, 83 og 85.

Gjeldande forskrift om innsamling av forbruksavfall for Austrheim kommune er ei felles forskrift for alle kommunane tilknytt Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap (NGIR), og vart vedteken av Austrheim kommune den 28.06.2020. Nyoppretta Alver kommune må vedta forskrift om slamtømming innan eitt år etter etablering. NGIR ser det då som mest hensiktsmessig å utarbeide ei ny forskrift gjeldande for heile NGIR-området.

Administrasjonen i kommunane tilknytt NGIR har delteke i utforming av forskrifta. Framlegg til ny forskrift skal leggast ut på offentleg høyring i samsvar med forvaltningslova kap. VII. Endeleg politisk vedtak skal gjerast av kommunestyret. Ny forskrift om renovasjon skal vere gjeldande frå når kommunestyret i Austrheim gjer godkjenningsvedtak.

Husstandar, ikkje næringsavfall

Forskrift om innsamling og handsaming av hushaldsavfall er ei lokal forskrift som omhandlar innsamling av hushaldsavfall frå bueiningar. Næringsavfall er ikkje inkludert i ordninga. Den som har næringsavfall, har sjølv ansvaret for at avfallet vert levert til godkjend mottak. Kommunen har etter lov om forureining og avfall (forureiningslova) §§29 og 30 ansvar for å ha anlegg for mottak og innsamling av hushaldsavfall. Kommunen kan etter same paragraf gje forskrift som er naudsynt for å få til ein hensiktsmessig innsamling og oppbevaring av avfallet.

Framlegget til ny forskrift baserer seg på eksisterande forskrift, men systematiserer og klargjer tydlegare kva oppgåver NGIR og abonnent har. I tekst er det t.d. endra frå kommunen til NGIR der NGIR har ansvar for den praktiske gjennomføringa (td. plassering av behaldarar og handsaming av fritak frå ordninga). Dette for betre å synleggjere ovanfor abonnent kva som er delegert til NGIR, og vil ikkje medføre større endringar ut i frå dagens praksis. I tillegg vert det opna for at NGIR får større rom for å utarbeide retningslinjer, rettleiarar og informasjon til abonnentane. Døme er rettleiar til forskrifta og retningslinjer for tilkomstkomstveg som ligg vedlagt saksutgreiinga. Informasjon til abonnentane vil med dette bli betra, og kan enklare tilpassast endra behov eller nye tekniske løysingar.

Framdrift

Det er frå NGIR si side mest føremålsteneleg med ei lik forskrift for heile NGIR-området. Det vert difor lagt opp til at kvar enkelt kommune legg framlegget til forskrift ut på høyring. Etter at høyringsuttalar er evaluerte og eventuelt tekne omsyn til, vert forskrifta lagt fram til kvar enkelt kommune for godkjenning. Høyringsfrist bør i denne saka vere 3 veker. Når høyringsperioden er over vil innkomne merknadar verta vurdet.

Vurdering

Slik rådmannen ser det er framlegget til forskrift om innsamling og handsaming av hushaldsavfall i tråd med allereie innarbeidd praksis. Samstundes er den meir fleksibel for gjennomføring ved endra behov / nye tekniske løysingar. Når forskrift er vedteke vil den verte kunngjort i Norsk Lovtidende og gjort tilgjengeleg på Lovdata.no.
Rådmannen rår til at framlegget vert lagt ut på høyring og høyringsfrist vert sett til 19. april 2021.

Konklusjon

Framlegg til forskrift om innsamling og handsaming av hushaldsavfall vert lagt ut på høyring slik den ligg føre, med høyringsfrist 19. april 2021.

På denne lenka finn du "Forskrift om innsamling og handsaming av hushaldsavfall" (klikk her)


Sist oppdatert: 31.03.2021
Publisert: 31.03.2021