HjemNyheterForlengar tiltak - opnar for besøk

Forlengar tiltak - opnar for besøk

Endringa som er gjort no er at det vert opna for besøk på inntil to, også i familiar med inntil fire personar. 

Forskrifta gjeld fram til og med tysdag 8. desember, eller til nytt vedtak vert gjort.

Her er link til Forskrift om smitteverntiltak i Austrheim kommune.

 

Elles er forskrifta for Austrheim mykje lik den som Alver kommunestyre har vedteke, og den som gjeld i Bergen kommune.

---

Her er teksten som står i forskrifta som gjeld i Austrheim no: 

Vår referanse: 20/93 - 208
Dato: 24. november 2020

 

Forskrift om smitteverntiltak i Austrheim kommune

Heimel: Fastsett av kommunestyret i Austrheim tysdag 24. november med heimel i lov av 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer § 4-1.

1. Bakgrunn:

Den siste tida har me hatt fleire smittetilfelle i verksemder i kommunen, der smitten har komme inn frå nabokommunar. Austrheim kommune er ein del av bu- og arbeidsmarknadsregionen rundt Bergen, og det er naturleg å ha dei same tiltaka mot Korona. Austrheim følgjer i stor grad dei Korona-tiltaka som er innførte av Bergen kommune, og i kommunane rundt Bergen, med nokre lokale tilpassingar.

Målet med tiltaka er å bremsa smittepresset, og halda smitten vekke frå institusjonar og andre som kan bli ekstra hardt råka av smitte. På den andre sida skal desse tiltaka gjera det mogleg for born og unge å halda fram med skule og fritidsaktivitetar, mest mogleg som før.

Kommunen har for denne perioden gjort planlagde møte om til digitale møte, i størst mogleg grad. Dette er eit tiltak som også andre bør ta i bruk for å redusera fysiske møte. Om nokon er kalla inn til møte med kommunen, og ikkje kan møta digitalt, kan dei ta kontakt med Servicekontoret for å få hjelp.

2. Varigheit:

Tiltaka gjeld frå tysdag 24. november klokka 24.00, og til og med tysdag 8. desember, eller til det kjem ny avgjerd. Tiltaka er noko strengare enn dei nasjonale retningslinjene. I den grad dei er strengare enn nasjonalt, er det heimla i det mynde som smittevernoverlegen har, og stadfesta av kommunestyret

3. Kor mange kan samlast, privat:

Talet som kan delta på private samankomstar:

* Fem personar, inklusive dei som bur i husstanden. Husstandar på fire eller fleire kan likevel ha inntil to gjester samstundes, sjølv om dette betyr at det samla talet er over fem.

* Det er unntak for dei familiane som bur saman fleire enn fem, og for familiar med delt samvær er det barnas beste som gjeld, slik at avgrensingane ikkje omfattar barn som er del av fleire husstandar.

* Det er unntak for kohortar for barn i barnehage og barneskule.

* Verten skal legga til rette for smittevern, og ha oversikt over kven som er tilstades om dette skulle bli naudsynt for smitteoppsporing.

4. Arrangement på offentleg stad, som skal ha faste sitteplassar:

* Det er ikkje lov med fleire enn 20 deltakarar til stades. Dette gjeld både private og offentlige arrangement på offentleg sted.

* Gravferder og gudstenester er unntatt denne regelen. Der kan ein vera inntil 50 personar, i klart skilte sitteplassar.

* Arrangement utan fast sitteplass er forbode.

* Den smitteansvarlege skal sjå til at smittevern/føring av gjesteliste med meir skjer etter det som er bestemt tidlegare.

5. Redusert aktivitetstilbod

* Breiddeidrett og amatørkultur for vaksne over 20 år blir forbode. Dette inkluderer kor og korps.

* Treningssenter, idrettshallar, svømmehallar og lokale for tilsvarande aktivitetar skal halda stengt. Dette omfattar ikkje individuell fysikalsk trening.

* Bestemminga for idrettshaller og svømmehaller gjeld ikkje for organisert trening for barn og unge, eller undervisning til barn og unge under 20 år.

* Treningar for barn og ungdom under 20 år kan gjennomførast, men arrangement som kampar, cupar, turneringar, konkurransar og liknande er ikkje lov.

* Museum og liknande tilbod som bowling, bingo og kunstutstillingar skal halda stengt.

* Biblioteket er stengt for aktivitetar og opphald, men det blir høve til utlån og innlevering.

6. Handling på butikkar og kjøpesenter

* Butikkar, kjøpesenter og liknande må sikra at det ikkje er fleire i lokalet enn at ein kan ha 2 meters avstand.

* Godkjent tal kundar i lokalet vert rekna ut frå storleiken på lokalet. Det skal om naudsynt vera vakthald som sikrar at kravet vert etterlevd.

7. Krav til munnbind

* Når det gjeld munnbind, så er det krav om bruk av munnbind/ansiktsmaske på kollektivtrafikk og innandørs på offentleg stad (butikkar, kjøpesenter mv), der ein meters avstand ikkje er mogleg å etterleva.

* I tillegg er det påbod med munnbind for både sjåfør og passasjerar i taxi.

* På skjenkestader, restaurantar, kafear, kantiner og andre serveringsstader skal munnbind brukast når ein beveger seg i lokalet og avstandskravet på ein meter ikkje kan etterlevast.

8. Tidlegare stenging av serveringsstader

* Skjenkestader, restaurantar, kafear, kantiner og andre serveringsstader skal stenga seinast kl. 22.00, og skjenking stoppar frå kl. 21.30. Bestemminga gjeld ikkje takeaway-stader.

9. Heimekontor, skular og sjukeheimar

* Det er krav om heimekontor for alle som kan utføra arbeidet sitt frå heimekontor. Ha kontakt med arbeidsgjevar før du har heimekontor.

* Det skal vera raudt nivå og kan vera heimeskule på vidaregåande skular, medan barnehagar og barne- og ungdomsskulane kan vera opne. Skulane skal drivast på gult nivå, såframt det ikkje oppstår ein smittesituasjon som tilseier noko anna.

* Det er besøksrestriksjonar på helseinstitusjonar, sjekk med Nordliheimen kva krav dei har til ei kvar tid. Per no er det redusert til eitt besøk per bebuar, per veke. Desse avgrensingane gjeld ikkje pasientar som er i livets siste fase.

10. Generelle råd gjeld

* Alle bør i dei neste vekene avgrensa kor mange dei har kontakt med, i arbeidstida og på fritida. Dette inkluderer arbeids- og fritidsreiser, og ikkje reis kollektivt om du ikkje må.

11. Straff

Forsettleg eller uaktsamt brot på føresegnene i denne forskrifta kan straffast iht. Lov om vern mot smittsame sjukdommar (smittevernlova) § 8-1. Det er Politiet som handhevar denne føresegna, og som kan skriva ut bøter for brot.

Alle desse krava lista over kjem på toppen av dei generelle råda: Som at ein ikkje går på butikken om ein er i karantene, ikkje går ut av huset om ein er i isolasjon, og elles vaskar hender godt og brukar handsprit der du ikkje kan vaska hendene med såpe. Også Regjeringa har oppdatert sine råd, dette finn du her på www.regjeringen.no:


Sist oppdatert: 24.11.2020
Publisert: 24.11.2020