HjemNyheterFlyg høgt på forskarfabrikken

Flyg høgt på forskarfabrikken

Forskarfabrikken Årås skule 2019

VERNEBRILLER PÅ: Tryggleiken er på plass når Kari Nesse Johnsen fyller på vatn til eksperimentet. Elevane er Sara A. Brandtun, Halvard Brügger (i midten) og William Eriksen.

Det seier Halvard Brügger (9) før klassen skal ut og sjekka kor høgt eit plastglas kan gå, når rakettbrennstoffet er vatn og ein C-vitamintablett. 

Eg skal kanskje blir forskar når eg blir stor, seier Halvard.

26 elevar starta denne veka sommarferien med Forskarfabrikk på Årås skule. Forskarfabrikken jobbar for at born og unge skal få større interesse for real- og teknologifag, og i samarbeid med Austrheim kommune er det denne veka eit tilbod ved Årås for 26 unge forskarspirar. 

Me har mellom anna lært om det periodiske systemet, seier William Eriksen (9).

Det er kjekt med Forskarfabrikken, men det er litt kjedeleg at me må stå så tidleg opp.

Forskarfabrikken Årås skule 2019

HØGT OPPE: Victoria Veland (frå venstre), Sara A. Brandtun og William Eriksen sender glaset i lufta.

Interessa var stor for å delta på Forskarfabrikken, og det gjekk raskt å fylla dei 26 plassane. I løpet av veka er elevane innom mange felt, og får både teoretisk kunnskap i tillegg til å utføra eigne eksperiment. Som då ordførar Per Lerøy og konstituert rådmann Olav Mongstad var inviterte bort på skulen, og fekk sjå korleis ein C-vitamintablett og litt vatn kan få ein plastbehaldar til å fyka høgt.

Tabletten med C-vitamin reagerer med vatnet, og så vert det danna CO2, forklarer Charlotte Eide Mjelde, som er ein av to lærarar for forskarspirane.

Det er kjekt på forskarskule. I morgon skal me sjekka kor mykje vatn ei bleie kan ta opp, fortel Sara A. Brandtun (10).

Og så skal me laga sprettballar.

Ein kikk i hylla viser at elevane har fått kvart sitt sett med ulike norske bergartar og mineral, og dei har fått laga seg perlearmband der perlene er blanke innandørs, men dei får farge når elevane tek armbandet med ut i UV-lys.

No kan de bruka armbandet til å sjekka om solkremen og solbrillene fungerer. Er det farge på armbandet, kjem det UV-stråling gjennom, seier Kari Nesse Johnsen, som er den andre av dei to lærarane. 

Forskarfabrikken Årås skule 2019

LÆRARAR: Kari Nesse Johnsen og Charlotte Eide Mjelde er lærarar under Forskarfabrikken ved Årås skule denne veka.

Mjelde er lærarstudent, og Johnsen er kjemiingeniør, og saman har dei full kontroll på den unge klassen. Elevane rekker handa i vêret når dei skal svara på spørsmål, og det er tydeleg at dette har vore interessante dagar.

Alt har vore kjekt, er den samla tilbakemeldinga.

Forsøket viste mellom anna at dersom vatnet dei slo over C-vitamintabletten var varmt, skjedde reaksjonen raskare. Men med kaldt vatn flaug plastglaset høgare, når det først tok av. 

Kanskje kan me laga eit romskip, er forslaget frå ein av elevane. 

Det er første gongen Austrheim er med på Forskarfabrikken, seier ordførar Per Lerøy.

Håpet er at me skal fanga interessa for realfag hjå fleire av elevane, slik at dei tek høgare utdanning.

Begge skulane i Austrheim satsar ekstra på realfag etter at Austrheim gjekk inn i satsinga på realfagskommunar. Med deler av Mongstad-raffineriet i kommunen og mange teknologibedrifter knytt til olje og gass, er det eit mål å få fleire til å ta høgare utdanning innan realfag.

Så kan dei komma heim igjen til Austrheim og konkurrera om denne typen arbeidsplassar, seier Lerøy.

Forskarfabrikken Årås skule 2019


Sist oppdatert: 27.06.2019
Publisert: 27.06.2019