HjemNyheterFleire i isolasjon, men ikkje lokalt utbrot

Fleire i isolasjon, men ikkje lokalt utbrot

Her i Austrheim har me framleis lite smitte, etter at ein fekk stoppa den bølgja som kom i september. Smittesporinga har fungert godt, og innbyggjarane er flinke til å halda karantenereglar og generelle smittevernråd.

Status no er at me her i kommunen har i isolasjon eit par gjestearbeidarar som har fått smitten andre stader. Desse er innkvarterte her i Austrheim i den perioden dei skal vera i isolasjon, og det er gjort dei tiltak som må gjerast for å hindra at smitten spreier seg til andre.

Smitten er ikkje knytt til dei som var smitta i Austrheim tidlegare.

Det er ikkje mistanke om, eller registrert, smitte i skulane, barnehagane eller helseinstitusjonane våre. For besøk på Nordliheimen må ein sjekka dei reglar og avgrensingar som til ei kvar tid gjeld for besøk der.

Ein ser i andre kommunar at smitten verkeleg kan spreia seg raskt, dersom den får tid på seg før det vert oppdaga gjennom testing og kontrollert gjennom isolasjon og karantene. Det er framleis dei enkle smittevernråda som gjeld – hald avstand – reine hender – hald deg heime ved mistanke om smitte. Du kan lesa meir om smittevern på heimesida til Folkehelseinstituttet, www.fhi.no

Kommunale bygg er opna for utlån til ulike aktivitetar, som skulekorps og anna. Garderobar og idrettshallen vart opna etter haustferien, og idrettslag og andre brukarar får no nytta dette. For å oppretthalda smittevernet skal brukarar av kommunale bygg bruka dei standardar som er laga av idrettsforbund, musikk-korpsforbund og liknande. I tillegg gjeld dei reglar som ligg frå Helsedirektoratet, og frå KKL både for kommunale bygg og arrangement i bygg kommunen ikkje eig, med tanke på avstand, reine hender, med meir. Symjehallen er også teken i bruk igjen, men berre for bruk av skulane og symjegruppa. Det er ikkje offentleg bading enno.

Kommunal kriseleiing (KKL) har avgjort at Austrheim legg seg på dei nasjonale retningslinjene når det gjeld kor mange som kan samlast på offentleg stad, og liknande. Dette betyr mellom anna at ein gjev unntak frå einmetersregelen ved kino og liknande, der er det tilstrekkeleg med eitt ledig sete mellom kvar gjest. Nye nasjonale retningslinjer gitt 30. september, gjeldande frå 12. oktober, finn ein på www.regjeringa.no.

Det er sett opp eit telt på parkeringsplassen bak kommunehuset, der ein tar Korona-testar. Heile plassen er elles reservert for dette. Røde Kors bistår kommunen med organisering av testinga, dei som deltar derifrå har signert på teieplikt, som andre som jobbar med dette. Om du trur du kan vera smitta, anten på grunn av symptom eller av nærkontakt med ein som er smitta, skal du ringa til legekontoret for å avtala prøvetaking. Det er oppretta ein eigen Korona-telefon til legekontoret, med nummer 966 25 339, den kan du ringa kvardagar mellom 08.00 og 15.00.

Ved stadfesta smitte er det nærkontakt til den smitta som skal i karantene, ikkje nærkontakt til nærkontakt. Dette med nærkontakt og karantene vert vurdert på medisinskfagleg grunnlag. Du blir oppringt frå kommunen om du er nærkontakt.

Den som er nærkontakt, får ikkje opplyst kven det er som er smitta.

Årets influensavaksinering skjer i Austrheimhallen:

Tysdag 27. oktober kl. 15.00-17:00

Torsdag 29. oktober kl. 15:00-17:00

Det er ingen timebestilling for vaksine, men det er prioriterte grupper som får vaksine. Kven som er i prioritert gruppe les du i denne linken her: Influensavaksinering

Om du har nokon i familien eller nabolaget som du trur ikkje har fått denne informasjonen, del gjerne informasjonen med dei!

Til sist så ønskjer me alle ei god helg. Skal du eit ærend på butikken eller anna, hugs avstand på minst ein meter, at du må reine hender, og bruk litt handsprit 😊

Helsepersonell i smittevernutstyr

Helsepersonell i smittevernutstyr, klare til å ta prøvar.

Røde Kors hjelper til med dirigering

Røde Kors hjelper til med dirigering av trafikken i samband med testing.


Sist oppdatert: 26.10.2020
Publisert: 23.10.2020