HjemNyheterFlaggar for Nordens dag 23. mars

Flaggar for Nordens dag 23. mars

– Det er sjølvsagt at me skal flagga på Nordens dag den 23. mars. Særleg i år, med krig i Europa, er det viktig å visa at me set det nordiske samarbeidet høgt. Når Helsingforsavtala er 60 år, må me sjølvsagt markera dette med å flagga ved kommunehuset, seier Per Lerøy, ordførar i Austrheim kommune.

Helsingforsavtala frå 1962 regulerer det offisielle nordiske samarbeidet, og har lagt grunnlaget for mykje av den kontakten me i dag har med våre nordiske naboland. Den er ofte kalla «Nordens grunnlov», på grunn av at avtala sikrar samarbeid på tvers av dei ulike landa.

Stortinget heiser dei åtte nordiske flagga på Løvebakken kvart år den 23. mars, og Nordisk råd har oppfordra dei andre nordiske parlamenta til å gjera det same. Foreningen Norden har oppfordra alle landets kommunar til å ta del i feiringa ved å flagga onsdag 23. mars, og dette er ei oppfordring Austrheim har tatt.

Du kan lesa meir om Helsingforsavtala her:

Samarbeidsavtale mellom Norge, Danmark, Finland, Island og Sverige [Helsingforsavtalen] - sjølve avtaleteksten på Lovdata.no (ekstern lenke)

Nettstaden Norden.org, med informasjon om Nordisk ministerråd og Nordisk råd (ekstern lenke)

Foreningen Norden - ei partipolitisk uavhengig medlemsforeining (ekstern lenke)


Sist oppdatert: 23.03.2022
Publisert: 23.03.2022