HjemNyheterFeira nye innbyggjarar

Feira nye innbyggjarar

Denne veka var alle austrheimingar fødde i perioden 10. august 2021 – 9. august 2022 inviterte til hagefest på kommunehuset.

Det var litt for kaldt til å vera ute, men sjølv om festen var inne var stemninga på topp.

Denne tradisjonen vart starta i 2021, så no var det andre gongen at alle nye innbyggarar fekk overrekt Austrheimsmykket.

Til festen var også søsken og foreldre inviterte, det kunne jo bli litt hektisk om berre babyane kom.

Har de ikkje ein baby på gang allereie, er det framleis sjanse til å sikra seg plass på hagefesten i 2023. Eller i 2024, og så vidare.

Sjefane delte ut

Som sist var det ordførar Per Lerøy og kommunedirektør Bjørnar Fjellhaug som fekk oppgåva med å ønskja dei nye innbyggjarane velkomne til kommunen.

Rett nok er det nokre år til dei skal stemma eller levera byggesøknad, men førsteinntrykket er viktig uansett.

Også biblioteket var på plass, og Kari og Kari las høgt frå barnebøker og viste barn og foreldre kva som er mogleg å låna av lesestoff.

Song og servering

Hege Ramsland leverte kakene i år som i fjor (Heges boller og bakst, søk på nettet om du er svolten).

Kortreist var også underhaldninga: Anne Hvidsten kjem frå Austrheim, og kunne fortelja at på kjolen var tonane til songen «Heim til Austrheim» sydde på.

19 var inviterte, og mange kom på festen. Dei som ikke kom, og eventuelt nytilflytta, kan få smykke av Helsestasjonen neste gong dei er innom der for kontroll.

Lars Utkilen med Ida på armen får smykke av Per Lerøy og Bjørnar Fjellhaug

Lars Utkilen, og Ida på armen, får smykke av Per Lerøy og Bjørnar Fjellhaug.

Nora Sognefest med Austrheimsmykke frå i utdelinga i 2021.

Nora Sognefest med Austrheimsmykke frå i utdelinga i 2021. Dette året var det søstra sin tur.

Charlie Boberg Søgnen på fanget til mamma Ragni Boberg Johnsen 2

Charlie Boberg Søgnen på fanget til mamma Ragni Boberg Johnsen.

Anne Hvidsten song

Anne Hvidsten song.

Anne Hvidsten sin notekjole.

Anne Hvidsten sin notekjole.

Festen var på kommunehuset

Festen var på kommunehuset.


Sist oppdatert: 21.09.2022
Publisert: 21.09.2022