HjemNyheterFår Røde Kors-hjelp til smittevern

Får Røde Kors-hjelp til smittevern

– Folk er veldig positive, seier Nils Vidar Hopland frå Nordhordland Røde Kors, som denne fredagen var på plass ved Joker Austrheim.

Brukar du ein av dei fire matbutikkane i kommunen no fram mot jul, kan det godt vera at du møter på Røde Kors-personell som står klar med handsprit og gratis munnbind. Austrheim kommune har nemleg engasjert Røde Kors til å hjelpa til med smittevern, og det er skaffa både munnbind og handsprit.

Mange har gjerne med seg eige munnbind, og butikkane er flinke til å ha handspriten klar, men litt innsats frå kommunen gjennom Røde Kors er også på sin plass.

– Det er utruleg viktig at me får alle til å delta på den dugnaden me er i gang med no, for å få ned smitten. Røde Kors si hjelp er viktig for å nå ut til alle, seier Austrheim-ordførar Per Lerøy.

Fredag til søndag

Røde Kors vil kvar helg fram til jul vera på plass ved butikkane i helgehandelen. Nokre timar på fredagar og laurdagar i starten, og så søndagar også når dagane med søndagsope kjem nærare jul.

 Me har delt det opp i vakter, og vil nok bruka av mannskap frå både omsorg og beredskap for å ha nok, seier Nils Vidar Hopland.

Denne dagen hadde Hopland med seg Astrid Herland til utdeling av munnbind og dusjing av hender.

Håpar på julefeiring

– Om me får ned smittetala no, så kan me få opna opp igjen noko før julefeiringa, seier ordførar Lerøy, som er takksam for at Røde Kors har stilt opp til dette arbeidet.

Røde Kors sine mannskap er elles til støtte for kommunen på fleire område. Testing for Korona vert gjort på parkeringsplassen bak kommunehuset, og på dagar med stort trøkk er Røde Kors med for å dirigera trafikken.

Om du no skulle kjenna på deg at du vil bli frivillig i Nordhordland Røde Kors, så svingar du rett inn på nettsida www.nhrk.no, og melder deg der.

Astrid Herland, Nils Vidar Hopland, Per Lerøy

INNSATS: Astrid Herland og Nils Vidar Hopland frå Røde Kors saman med ordførar Per Lerøy.


Sist oppdatert: 27.11.2020
Publisert: 27.11.2020