HeimNyheterEr du klar for betre helse?

Er du klar for betre helse?

Skogssti

Då må du lesa vidare her, om det interkommunale kurstilbodet om friskliv og meistring, eit kurs som startar no i september. Gjennom kurset kan du finna vegen til betre helse. 

Samlingane gjev verktøy for endring av levevaner og å meistra eigne helseutfordringar. Det er teoridel, mat og aktivitet kvar gong. 

Kurset vert leia av helsepersonell og brukarrepresentant.

Alle samlingane er i Nordhordlandshallen i Knarvik, klokka 16.30 til 19.30 på desse datoane:

Torsdag 12.09.19, tema "Endring".
Onsdag 25.09.19, tema "Smart mat for god helse".
Onsdag 09.10.19, tema "Fysisk aktivitet".
Torsdag 24.10.19, tema "Meistring".
Torsdag 07.11.19, tema "Søvn" samt erfaringsutveksling.
Onsdag 20.11.19, tema "Diabetes type 2".

Det er påmelding innan torsdag 29. august, på e-post til post.lms@sing.no, eller send SMS evt. ring 40 91 04 88 mellom klokka 0930 og 1330.

Sjå kursinformasjonen her:


Sist oppdatert: 13.08.2019
Publisert: 13.08.2019