HeimNyheterKva gjer Equinor ved ei ulukke?

Kva gjer Equinor ved ei ulukke?

 

Equinor Mongstad

Equinor Mongstad er etter Storulykkeforskriften (link til Lovdata.no) pålagt å informera lokalsamfunnet om kva slags farlege stoff dei handsamar, kva som kan skje på anlegget, og kva naboar må gjera dersom ei ulukke skulle finna stad.

Som del i arbeidet med å oppfylla denne informasjonsplikta har Equinor Mongstad fått utarbeidd eit informasjonshefte som dei deler med naboane sine. Heftet er tilgjengeleg på deira nettsider (link til Equinor.com), og me deler den her.

Kort oppsummert er dette råda til kva du som er nabo skal gjera ved ei eventuell storulukke:

- Om du er ute, søk ly i næraste hus og bli der.
- Når du er inne, lukk dører, vindauge og ventilar. Steng ventilasjonsanlegg med inntak av friskluft.
- Lytt på radio, NRK Hordaland. Ta telefonen om den ringer, det kan vera melding frå politiet.
- Følg dei rettleiingar som politiet gjev
, ved direkte kontakt eller dersom redningsleiinga skjer via media.
- I ein
faresituasjon kan telefonnettet verta overbelasta. Unngå unødvendig bruk av telefonnettet.

I ein faresituasjon vil Equinor legga ut ytterlegare informasjon på www.equinor.com.

Equinor Mongstad


Sist oppdatert: 25.07.2019
Publisert: 25.07.2019