HeimNyheterEndring ved Austrheim legekontor

Endring ved Austrheim legekontor

Raa begynner i ny stilling i Alver kommune. For å sikra vidare fastlegetilbod i kommunen vil innbyggjarar som har hatt Willy D. Raa som fastlege, få ny fastlege. Dette blir anten hjå kommunelege Ellen Mejer eller kommunelege Vegard Mejer.

Det er Helsedirektoratet ved etaten Helfo (klikk på lenka for å gå dit - ekstern lenke) som gjennomfører endringa, det skjer ved ei tilfeldig fordeling av pasientar. Kommunen kan ikkje påverka kva lege den enkelte får som fastlege, dette blir styrt av fordelinga til Helfo.

Dersom nokon ynskjer å bytta til annan fastlege har ein sjølvsagt moglegheit til det, ved å gå inn på nettsida til Helse Norge (klikk på lenka for å gå dit - ekstern lenke).

Fastlegesituasjonen i Austrheim per 18. august 2023 er slik (Willy Davidsen Raa er ikkje på lista sidan han snart skal slutta):

  • Jarle Gallefoss, 0 av 1200 plassar er ledige, har ikkje venteliste
  • Laila Byrkjeland Husa, 0 av 600 plassar er ledige, det står 42 på venteliste
  • Ellen Nygårdsmoen Kjelstrup Mejer, 63 av 525 plassar er ledige
  • Vegard Kjelstrup Mejer, 71 av 875 plassar er ledige

Samla er det 3 200 plassar på listene til dei fire legane, 3 066 av desse plassane er i bruk. Ved utgangen av 1. kvartal 2023 hadde Austrheim 2 879 innbyggarar.

Du kan velja fastlege i ein annan kommunen enn den du bur i, det gjer at det i ein del kommunar er fleire listeplassar i bruk enn det er innbyggjarar.


Sist oppdatert: 18.08.2023
Publisert: 18.08.2023