HeimNyheterElevane tilbake på skulen

Elevane tilbake på skulen

I samband med Korona-pandemien vart skular over heile landet stengde frå fredag 13. mars. No har det skjedd ei gradvis opning igjen, og frå 11. og 12. mai skal fleire elevar tilbake på skulane.

1. til 4. klasse har alt gått på skule ei stund etter stenginga, og måndag 11. mai får dei selskap av 7. og 10. klasse.

Tysdag 12. mai skal også 5., 6., 8., og 9. klasse på skulen igjen. På Kaland vil alle klassane gå alle skuledagar, på Årås vil 8. og 9. klasse veksla på kva dagar dei møter på skulen. Dette tiltaket på Årås er for å sikra at skulen klarar å etterleva krava til areal og avstand, som er viktig for å unngå smitte.

Skulane vil følgja dei statlege retningslinjene for reinhald, avstand, reinhald med meir. Foreldra får informasjon om dette direkte frå skulane. Det er viktig at at ein les nøye gjennom dette, for å sjå kva som vert forventa av heimane i samband med nistemat og anna. 

Og til slutt er det for elevar som det er for alle andre i samfunnet under denne pandemien: Det er særleg viktig å halda seg heime dersom ein kjenner seg sjuk eller har mistanke om at ein kan vera smitta av Korona.

Skulane gler seg til å få elevane tilbake!


Sist oppdatert: 08.05.2020
Publisert: 08.05.2020