HjemNyheterEkstremvêret kan påverka indirekte

Ekstremvêret kan påverka indirekte

Ekstremvêret «Hans», som måndag er i ferd med å komma inn over Aust-Norge, får ikkje direkte konsekvensar for Austrheim.
Publisert: 07.08.2023
Sist endra: 07.08.2023

Kommunen er likevel klar til å reagera dersom meldingane skulle endra seg om kor mykje regn som kjem, og kva område som er mest utsette.

Måndag ettermiddag er siste melding frå varslingstenesta Varsom.no at kommunar som Sogndal nord for oss, og Kvinnherad i sør, er inkluderte i gult farevarsel for konsekvensane av dei unormalt store nedbørsmengdene som er venta.

Dette er kommunar med brattare lende enn Austrheim, som ved store nedbørsmengder for andre vanskar med at elver går over sine breidder, og at det kan vera fare for jordras og liknande. Dei er også nærare senteret for det lågtrykket som gjev denne nedbøren.

For innbyggjarane i Austrheim vil ekstremvêret først og fremst påverka eventuelle reiseplanar austover dei kommande dagane, der må ein halda seg oppdatert via tenester som varsom.no eller vegvesen.no, for å sjå kva konsekvensar regnet kan ha fått. Regnet er venta å vera sterkast fram til og med tysdag, men eventuelle skader kan ta lengre tid å retta.

Austrheim kommune følgjer med på endringar i situasjonen, og vil informera meir dersom situasjonen skulle endra seg for vårt område.