HjemNyheterEigarlaust båtvrak slept til Kjevikdalen

Eigarlaust båtvrak slept til Kjevikdalen

Slep av båt frå Fonnesvågen til Kjevikdalen

Redningselskapet med mannskapet på redningsskøyta RS Utvær slepte tysdag den 18. august dette eigarlause båtvraket til NGIR sitt anlegg i Kjevikdalen.

Austrheim kommune sin brannbåt Dråpen var med som følgjebåt frå Søre Fonnesvågen, der vraket låg fortøydd.

Det var hol i båtskroget, men med hjelp av lensepumpe frå RS Utvær held båtvraket seg flytande heilt til NGIR sine folk kunne ta imot båten i Kjevikdalen. Det kom ikkje olje på sjøen under lensinga/slepet.

Arbeidet vart gjort i eit godt samarbeid mellom Austrheim Kommune, brannvesenet og Redningsselskapet. Austrheim kommune vil takka Redningsselskapet og mannskapet på Utvær for sin gode miljøinnsats.

Austrheim kommune er og glad for at NGIR sitt anlegg kan ta i mot slike store båtvrak rett frå sjøen. NGIR fortener ros for sitt arbeid med å få dette på plass.

Her vert vraket klargjort for slep

Her vert vraket klargjort for slep.

Båten levert i Kjevikdalen

Her er slepet framme i Kjevikdalen, der det er laga til mottak frå sjøen.


Sist oppdatert: 24.08.2020
Publisert: 24.08.2020