Drop in-vaksinering 6. januar for 18 år og eldre
Vaksineringa er for alle som er 18 år eller eldre, og kommunen oppfordrar alle til å ta vaksinen.
- Som dei siste gongane er det drop in-vaksinering, altså utan timebestilling.
- Dei som ikkje har tatt vaksine, eller berre 1. dose, vert spesielt oppmoda til å vaksinera seg.
- Alle over 65 år som ikkje har fått 3. dose, eller 1. eller 2. dose, er også velkomne til drop in-vaksinering.
- Det skal ha gått minst 4,5 månader sidan førre dose.
- Hugs munnbind og legitimasjon.
- Følg rettleiing for parkering og organisering av sjølve vaksineringa.
Hugs å ta med ein dose tolmod, og ei klype godt humør!
Sist oppdatert:
04.01.2022
Publisert:
03.01.2022