HjemNyheterDrop in-vaksinering 19. januar for 18 år og eldre

Drop in-vaksinering 19. januar for 18 år og eldre

👉Vaksineringa er for alle som er 18 år eller eldre, det einaste kravet er at det har gått 4,5 månader sidan førre dose.
👉 Det er Pfizer/BioNTech sin vaksine som blir sett. (Laga av Pfizer/BioNTech, har namnet Comirnaty).
👉 Som dei siste gongane er det drop in-vaksinering, altså utan timebestilling.
👉 Dei som ikkje har tatt vaksine, eller berre 1. dose, vert spesielt oppmoda til å vaksinera seg.
👉 Alle over 65 år som ikkje har fått 3. dose, eller 1. eller 2. dose, er også velkomne til drop in-vaksinering.
👉 Det skal ha gått minst 4,5 månader sidan førre dose.
👉 Hugs munnbind og legitimasjon.
👉 Følg rettleiing for parkering og organisering av sjølve vaksineringa.

Nye nasjonale Korona-retningslinjer frå 14. januar

Frå fredag 14. januar (og tildels frå laurdag 15. januar) er det innført nye nasjonale Korona-retningslinjer. Dette er dei nye generelle smittevernråda: 
👉 Praktisér god hand- og hostehygiene.
👉 Vaksiner deg.
👉 Hald deg heime ved sjukdom.
👉 Test deg for Korona/Covid-19 ved nyoppståtte luftvegssymptom.

Du kan lesa dei nye nasjonale retningslinjene her på ei sak hjå Austrheim kommune (klikk her), eller på Regjeringa si Korona-side (klikk her - ekstern lenke).

Austrheim legg seg på det nasjonale tiltaksnivået. 

Kommunal kriseleiing skal ha møte måndag 17. januar, og vil der gjera vurderingar kring dei siste endringane i dei nasjonale Korona-retningslinjene. Inntil dette møtet vil den noverande stenginga halda fram for symjebassenget og Austrheimhallen, for bruk av andre enn skulane. Dette inkluderer også styrkerommet i idrettshallen. I kva grad desse tilboda vert opna, og frå når, vert kunngjort etter møtet måndag 17. januar.

29 stadfesta smitta så langt i januar

Så langt i 2022, til og med fredag 14. januar, er det det registrert 29 personar med stadfesta Korona-smitte i Austrheim.

Ved førre vaksineringsrunde, torsdag 13. januar, kom det 131 til vaksinering. Vaksineringa er frivillig, men kommunen oppfordrar alle til å ta Korona-vaksinen, sidan det reduserer smittefaren og jamt over gjev eit mykje enklare sjukdomsbilde dersom du først skulle bli smitta.

Les meir om kvifor det er tilrådd å ta Korona-vaksine, på den statlege nettsida HelseNorge.no, klikk her (ekstern lenke).

Om isolasjon og karantene

Her finn du ulike rettleiingar:

Til deg som er smitta (klikk her for å komma til PDF).

Til deg som er husstandsmedlem som kan halda avstand til den som er smitta (klikk her for å komma til PDF).

Til deg som er husstandsmedlem til ein smitta og ikkje kan halda avstand (klikk her for å komma til PDF).

Til deg som er øvrig nærkontakt (klikk her for å komma til PDF) Oppdatert 140122.

Utlevering av hurtigtestar

Alle som har symptom på Korona, kan få gratis hurtigtest på Austrheim legekontor. Henting av testar skjer på baksida av legekontoret, mellom klokka 14.30 og 15.15. Gå rundt kommunehuset og finn døra innerst under taket, ring på dørklokka, og det kjem nokon ut og leverer test.

Er du sjuk må du senda andre for å henta pakken med hurtigtest. Men den som skal bruka testen må ha symptom, med unntak av dei som bur i same husstand som ein som er smitta, sjå under. Om du ikkje har symptom, men ønskjer å ha eit testsett liggande, må du kjøpa deg Korona-test til dømes på apotek eller butikk.

Det same om du ikkje kan henta ut mellom klokka 14.30 og 15.15, då må du kjøpa testen på apoteket.

Det vert delt ut det tal testar som trengs etter situasjonen. Har du symptom, får du ein test. Er du husstandsmedlem til ein som er Korona-smitta, eller annan nærkontakt til ein Korona-smitta, får du fleire testar.

Er ein hurtigtest positiv, må du gå i isolasjon og bestilla ein vanleg Korona-test i regi av legekontoret.

Austrheim kommune sin tilgang på sjølvtestar vert styrt av den nasjonale tildelinga, og det er ikkje uavgrensa tilgang. For å sikra at kommunen har testar tilgjengeleg til dei som verkeleg treng dette, skal det prioriterast.

Prioritering av hurtigtestar

Det er Helse- og omsorgsdepartementet som har bestemt korleis bruk av hurtig- og sjølvtestar skal prioriterast i kommunane, og lista er slik:

  • Nærkontaktar av personar med kritiske samfunnsfunksjonar i omikron-utbrot.

Ved symptom:

  • Prioritera tilsette med vage symptom i helse- og omsorgstenestene, andre personar med kritiske samfunnsfunksjonar, og barn.

Ved kjent smitteeksponering for husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære:

  • Prioritera barn
  • Prioritera tilsette i helse- og omsorgstenestene
  • Prioritera nærkontaktar ved omikronutbrot

Ved kjent smitteeksponering for andre nærkontaktar:

  • Prioritera barn og tilsette i helse- og omsorgstenestene, eventuelt kritiske samfunnsfunksjonar som er andre nærkontaktar til ikkje-omikronutbrot.
  • Jamleg testing av barn, særleg i område med vedvarande høgt smittetrykk.
  • Jamleg testing i helse- og omsorgstenestene i tråd med Helsedirektoratets tilrådingar, og i område med vedvarande høgt smittetrykk.

Kortare opningstid på telefon torsdagar

Elles tar me med her at legekontoret har litt kortare opningstid på telefon torsdagar frå no av.

Nummeret er som før 56 16 82 00, og dei svarer telefonen frå klokka 08.30-12.00 og 13.00-15.00. Men torsdagar først frå klokka 09.30.

Andre aktuelle nummer:

Akutt lege/ambulanse heile døgnet - tlf. 113

Nordhordland legevakt - tlf.116 117


Sist oppdatert: 14.01.2022
Publisert: 14.01.2022