Gratis digitalt kurs i tobakkskutt
Friskliv og Meistring tilbyr kurs for deg som ønskjer å slutta med røyk og snus. Mange klarer å slutta på eiga hand, men det er dokumentert at støtte og rettleiing aukar sjansane for å slutta med tobakksbruk.
Publisert:
03.07.2024
Sist endra:
03.07.2024
Hausten 2024 går det eit digitalt interkommunalt røykesluttkurs på Teams, eit kurs som er ope for alle i Vestland fylke. Kurset har ingen kursavgift. Påmeldingsfristen er fredag 13. september.
Dette er nokre av emna som blir tatt opp i kurset:
- Korleis brukar du tobakk?
- Korleis planlegg du å slutta?
- Kva hindrar deg?
- Bruk av tobakk - vane og avhengighet
- Legemiddel og elektroniske hjelpemiddel
- Å øva på å utsetta, avlysa og erstatta tobakken
- Glipp og sprekk
- Vekt og mat
- Gevinstar
- Kanskje setta ein dato?
- Planlegg ditt SLUTTEPROSJEKT
Tentative kursdatoar hausten 2024:
- 17. september 2024, klokka 14.00 - 15.30
- 24. september 2024, klokka 14.00 - 15.30
- 1. oktober 2024, klokka 14.00 - 15.30
- 22. oktober 2024, klokka 14.00 - 15.30
- 29. oktober 2024, klokka 14.00 - 15.30
- 5. november 2024, klokka 14.00 - 15.30
Påmelding på denne lenka (her), eller skann QR-koden på bildet under: