HeimNyheterDetaljregulering av skule- og barnehageområdet på Kaland

Detaljregulering av skule- og barnehageområdet på Kaland

Austrheim kommunestyre godkjente i sak 015/19 i møte den 11.04.2019 «Detaljregulering av skule- og barnehageområdet på Kaland - del av gbnr. 130 og 131, planid 2017002». Plankartet er datert den 22.02.2019, føresegna den 21.02.2019 og planomtalen er datert den 31.01.2019. Vedtaket har heimel i plan- og bygningslova si § 12-12.

 

Føremålet med detaljreguleringa har vore å regulera inn byggjeområde for offentleg tenesteyting som skule, barnehage og kommunaltekniske anlegg, men og få regulert på plass fleire bustadar. På omlag 600 meter langs fylkesveg 565 er det no regulert inn gang- og sykkelveg. Kommunevegane, vegkrysset ved Fonnes Senter og det gamle Leirvågkrysset er også regulert. Planområdet overlappar gjeldande reguleringsplan for Nordre Fonnesvågen for å kople saman ny regulert gang- og sykkelveg ved gangbru over Fv. 565.

 

Du kan lesa om detaljreguleringsplanen på Austrheim kommune si heimeside  eller på kommunehuset.  Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast,

jfr. Pbl . § 1-9 og forvaltningslova § 28. Eventuell klage skal vera grunngjeven og sendast skriftleg innan 18. juni 2019 til adresse: Austrheim kommune, Sætremarka 2, 5943 Austrheim eller på e-post: post@austrheim.kommune.no. Eventuelt krav om erstatning eller innløysing etter Pbl. §§ 15 og 16 må vera framsett innan tre år.

 

Dokument i saka:

Detaljreguleringsplan

Planomtale

Reguleringsplankart 1 av 2

Reguleroingsplan 2 av 2

 

Rådmannen


Sist oppdatert: 06.05.2019
Publisert: 06.05.2019