HjemNyheterBruk grillane på badeplassane!

Bruk grillane på badeplassane!

Årvikane, badeplass

Det er ikkje forbod mot å bruka eingongsgrillar i Årvikane og i Øksneset, men kommunen rår til at ein brukar dei faste grillane i staden. 

Om du likevel tar med deg eingongsgrill for å varma grillmaten, må du passa på at:

- Du plasserer grillen slik at det ikkje tek fyr i gras og greiner, eller lagar svarte svimerke i plenen som andre skal liggja på når dei solar seg.

- Du har med deg hanskar/pose slik at du får med deg grillen heim etterpå.

For all grilling er det den enkelte sitt ansvar at det ikkje skjer skade.

Bål er det ikkje lov å tenna, anna enn i bålpanne der dette er sett ut. Dette er grunngjeve med det generelle bålforbodet i tidsrommet frå 15. april til 15. september. Det blir ikkje gitt enkeltløyve til bålbrenning på desse badeplassane.

 


Sist oppdatert: 19.06.2020
Publisert: 19.06.2020