Bruk av fyrverkeri - hugs at det berre er lov nyttårskvelden

Det vert jobba med ei eiga kommunal forskrift for bruk av fyrverkeri i Austrheim kommune, men dette vert ikkje klar før nyttårsaftan 2023. 

Men medan ein ventar på forskrift og høyringsrunde er det jo greitt å minna om kva reglar som alt er på plass for dei som vil kjøpa og bruka fyrverkeri. Dette finn ein i «Forskrift om håndtering av eksplosjonsfarlig stoff», som ligg på Lovdata.no, klikk på lenka for å lesa forskrifta (ekstern lenke).

Berre på nyttårsaftan mellom 18.00 og 02.00

Her står det jo mest om krav til dei profesjonelle som skal selja og oppbevara fyrverkeriet, men det er også ein eigen paragraf som omhandlar privat bruk (§ 2-10), av fyrverkeri som vert selt til forbrukarar. Her har me oppsummert og korta ned dette til desse punkta:

  • Fyrverkeriet skal brukast i samsvar med bruksanvisinga og det formålet som er skildra der. Altså: Les bruksanvisinga, og følg den.
  • Fyrverkeri i klasse II og III skal berre brukast nyttårsaftan mellom klokka 18.00 og 02.00. Dette er spesielt viktig med tanke på alle som har dyr, slik at dei kan ta førehandsreglar i dette tidsrommet for å unngå at dyra vert skremde av fyrverkeriet.
  • Plass for avfyring av fyrverkeri skal veljast slik at det ikkje oppstår skade på liv, helse, miljø og materielle verdiar.
  • Oppsetting og avfyring av fyrverkeri klasse II, III og IV, illuminasjon med faklar og liknande, skal ikkje finna stad i tettbygde strok eller tørr skog, eller i andre brannfarlege omgjevnader, utan etter særleg løyve frå brannvernet.
  • Pass på at fyrverkeri som ikkje er påtent, ikkje vert utilsikta påtent.
  • Ha nødvendige sløkkemiddel i beredskap.

Bruk vernebriller, ver edru og ta førehandsreglar

Her i Austrheim var det seinast førre nyttårsaftan ein brann som starta med fyrverkeri på vidvanke. Det viser kor viktig det er å planlegga kvar ein skal skyta opp fyrverkeri, med tanke på kva som er nedslagsfelt.

Direktoratet for sikkerhet og beredskap (DSB), har laga ei liste med ti enkle råd som gjer oppskytinga så trygg som mogleg:

  1. Planlegg fyrverkerioppskytinga i god tid.
  2. Les bruksanvisinga nøye før bruk.
  3. Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skadd.
  4. Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velta.
  5. Bruk tennstav. Unngå lighter, fyrstikker eller annan open flamme. Tennstav får du kjøpt der du kjøper fyrverkeri.
  6. Bruk vernebriller.
  7. Bøy deg aldri over fyrverkeri som er tent på.
  8. Ikkje tenn fyrverkeriet på nytt, dersom det ikkje tenner ved første forsøk.
  9. Hald god avstand frå oppskytinga.
  10. Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman.

Ta førehandsreglar - unngå skade

Tal frå DSB viser at 63 personar har fått augeskader etter bruk av fyrverkeri nyttårsaftan, til saman for dei siste fem åra. Tala viser også at nesten ingen av desse 63 brukte vernebriller.

Nyttårsfeiringa ved inngangen til 2022 gav 12 registrerte augeskader, fire alvorlege og åtte moderate. Dette inkluderer ikkje augeskader som vert tatt hand om ved lokal legevakt.

Det enkle svaret er vernebriller, desse får du gjerne gratis der du kjøper fyrverkeri, eller du får kjøpt det rimeleg. Og hugs også råd nummer ti: «Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman».


Sist oppdatert: 27.12.2022
Publisert: 27.12.2022