HeimNyheterBrannvernet søker folk

Brannvernet søker folk

Brannbil

No lyser brannvernet etter fleire folk i Austrheim, ved både Mastrevik stasjon og Lindås/Kaland stasjon. Ved Mastrevik stasjon er det ledige stillingar i fast turnus som deltids brannmannskap, medan det for Lindås/Kaland stasjon er behov for ringevikarar.

Austrheim brannvern gjekk frå nyttår inn i Nordhordland brann og redning, saman med Lindås, Meland, Radøy og Modalen. For meir informasjon og link til elektronisk søknadsskjema må ein difor gå inn på heimesida til Lindås kommune, direktelinken er her.

Søknadsfristen for desse stillingane er fredag 6. september.

På Facebook kan du lesa meir om Nordhordland brann og redning:


Sist oppdatert: 28.08.2019
Publisert: 28.08.2019