HjemNyheterBrannvernet søker folk

Brannvernet søker folk

Brann

Austrheim kommune gjekk frå 1. januar 2020 inn i Nordhordland brann og redning, saman med nabokommunane Lindås, Radøy, Meland og Modalen. Styrken av brannkonstablar er heile tida under fornying, og no trengst det for heile området 15 til 20 nye brannkonstablar.

Har du lyst, eller kjenner du nokon som har lyst til å bli brannkonstabel? Då må du tipsa dei om at Nordhordland brann og redning arrangerer informasjonskveld torsdag 27. juni på hovudbrannstasjonen på Ikenberget, ikkje langt frå Knarvik.

Dørene er opne frå klokka 18.00 til 20.00, og brannvernet oppmodar alle til å møta tidleg slik at ein får med seg orienteringa som blir gitt i starten av kvelden. 

Etter det vil det bli vist ein demonstrasjon av den fysiske testen alle må gjennom, ein kan sjå nærare på bilar og anna materiell på stasjonen, i tillegg til å få ein prat med dei tilsette ved ulike brannstasjonar. 

Dei som ønskjer å bli deltids brannkonstabel må vera over 18 år og ha førarkort klasse B.

Les meir på Facebook-sida til Nordhordland brann og redning:


Sist oppdatert: 20.06.2019
Publisert: 20.06.2019