HjemNyheterBrannøving i den gamle barnehagen

Brannøving i den gamle barnehagen

Etter at kommunen bygde Kystbarnehagen, vart det gamle barnehagebygget i Åråsfeltet avhenda. Bygget har stått tomt ei tid, men skal no gjera nytte i øvingssamanheng før det skal fjernast heilt.

– Det vert røykdykkarøving i den tidlegare barnehagen måndagane 29. august, og 5. og 12. september, seier Sondre Ivan Myhr, som er driftskoordinator Nordhordland brann og redning.

Øvinga vil skje i tidsrommet 17.00 til 22.00 desse måndagane.

– Øvingane vil innebera ein del trafikk med brannbilar i området, det vil bli brukt blålys, og det vil vera noko støy frå pumper og aggregat. Me beklagar dei ulempene dette gjev for dei som bur i området, men øvingar som dette er viktig for at me skal halda kompetansen oppe.

Der er vel alle samde med brannvernet, litt støy får ein tåla for å sikra at mannskapa er godt drilla om det skulle bli bruk for dei.

– Litt røyk vert det også, men det er kaldrøyk eller teaterrøyk som det også vert kalla. Den er ikkje farleg.

Det er mannskap frå stasjonane Austrheim og Lindås som er ute på øving denne gongen.

– Me takkar elles huseigar som lar oss få bruka bygget til øvingar som dette.

Seinare i haust skal bygget brennast heilt ned, også det som ei øving for brannvernet. Når dette skjer er ikkje klart enno.

Gamle Årås barnehage har gateadresse Åråsvågen 82, 5943 Austrheim.


Sist oppdatert: 31.08.2022
Publisert: 29.08.2022