HjemNyheterBokbada Maria Parr

Bokbada Maria Parr

Bokbad 060619 med Maria Parr

5. og 6. klasse frå dei to skulane var torsdag 6. juni på besøk på biblioteket på kommunehuset, og elevane Jenny, Alva og Andreas  hadde styringa over forfattarintervjuet/bokbadet med Maria Parr.

Dei hadde førebudd seg godt, og hadde spørsmål både om forfattaren og bøkene ho har gitt ut.

Elevane fekk mellom anna vita at Parr har Astrid Lindgren som sitt store forfattar-førebilete, og at den første boka ho gav ut er favoritten.

Parr har skrive bøkene «Vaffelhjarte», «Tonje Glimmerdal» og «Keeperen og havet», der den siste er eit framhald av personane og forteljinga i «Vaffelhjarte». Debutboka har blitt både TV-serie og teater, og fekk fleire prisar.

Elevane lurte på om det vert fleire bøker om Lena og Trille frå «Keeperen og havet», og fekk til svar at Parr kanskje heller vil skriva om småsøskena til dei to.

Forfattarbesøket var del av Bokåret 2019, og vart laga til med støtte frå Nasjonalbiblioteket, koordinert lokalt av Hordaland fylkesbibliotek.

 

Bokbad 060619 med Maria Parr

 


Sist oppdatert: 11.06.2019
Publisert: 11.06.2019