HjemNyheterBildegåve til kommunen

Bildegåve til kommunen

Anne Jakobsen og Per Lerøy med bilde av alleen

Kunstnaren har sidan 2005 hatt atelier i Kunsthuset i Austrheim, det gamle kommunehuset som vart ledig då kommuneadministrasjonen flytta inn i nybygg det året.

No i januar er Jakobsen i ferd med å flytta tinga sine ut av Kunsthuset, i samband med at ho flyttar frå Austrheim og lengre sør i regionen. I denne samanheng tok ho kontakt med kommunen og inviterte ordføraren bort for å henta eit bilde - som takk for samarbeidet med Austrheim kommune.

Kommunen har vore veldig raus, og eg er kjempetakksam for det, seier Jakobsen, og legg til at tidlegare ordførar Ole Lysø fortener takk for at det gamle kommunehuset fekk nytt liv som atelier og utstillingslokale for fleire kunstnarar.

Det er kjekt at du opplever det slik, seier ordførar Per Lerøy, som saman med Kari Utkilen hadde jobben med å velja eit bilde som no skal plasserast i kommunehuset ved Mastrevik Torg.

Valet fall til slutt på eit bilde med motiv frå alleen mellom det gamle kommunehuset og grasbana/samfunnshuset, ei trerekkje som mange legg merke til på veg gjennom kommunen.

Det vil nok ta litt tid før eg har pakka ned alt. Så langt har eg ikkje skaffa meg eit nytt atelier, så om det er nokon som har noko ledig i nærleiken av Frekhaug/Knarvik er det berre å ta kontakt, seier Anne Jakobsen.

Eller kanskje er det nokon som vil kjøpa eit av dei små og store bilda ho har laga, Jakobsen kan kontaktast på 45 60 73 72.

Neste utstilling Jakobsen jobbar med skal vera eit godt stykke frå Austrheim, det vert i Troms der ho har røttene sine. Etter planen skal ho ha ei utstilling i Krane Galleri i Tromsø no i 2019. 


Sist oppdatert: 02.05.2019
Publisert: 04.01.2019