HeimNyheterBerre til å hoppa i det!

Berre til å hoppa i det!

HavGlede 2018Vasskvaliteten er god ved alle badeplassar som er testa av Miljøretta helsevern, ei eining i Lindås kommune som driv vasstesting i heile regionen. 

Det er teke ut vassprøvar ved 57 badeplassar i Nordhordland og Gulen, og alle har fått karakteren god. 

I Austrheim er det teke prøvar ved: 

Finnesvågen, Austrheimvågen.
Skjelvika.
Solesjøen.
Øksnes.
Årviki, Fonnes.

Alle prøvane i Austrheim er tekne 20. mai. 

Så no er det berre til å venta på rett badetemperatur. Men det ser ut for at varmen let venta på seg, om Yr.no har rett.

 

 

 


Sist oppdatert: 03.06.2019
Publisert: 03.06.2019