HeimNyheterBassenget på Kaland stengt på ubestemt tid

Bassenget på Kaland stengt på ubestemt tid

Etter undersøkingar no i januar 2024 er det klart at bassenget på Kaland skule blir stengt i lang tid, og per no er det ikkje mogleg å seia kor lenge.
Publisert: 12.01.2024
Sist endra: 12.01.2024

Bassenget var først stengt mellombels til 12. januar, for å gjera undersøkingar kring ein lekkasje.

Undersøkingane viser at det er store vass-skader i konstruksjonen, og før ein har oversikt over omfanget er det ikkje mogleg å seia noko om kor lang tid det vil ta å utbetra feilen.