HeimNyheterBarnehagane tilbake til vanleg opningstid

Barnehagane tilbake til vanleg opningstid

Då barnehagane opna igjen etter Korona-stenginga var det med redusert opningstid, for å gje dei tilsette moglegheit til å etterleva smittevernreglane.

No som det er letta litt på restriksjonane, samstundes som både barn og vaksne har komme inn i rutinane, går barnehagane tilbake til vanleg opningstid.

Både Kystbarnehagen og Kaland barnehage har frå 18. mai opningstid frå klokka 07.15 til klokka 16.30.


Sist oppdatert: 15.05.2020
Publisert: 15.05.2020