HjemNyheterBandtvang frå 1. april

Bandtvang frå 1. april

Austrheim kommune har ikkje eigne særreglar for bandtvang for hundar, så her i kommunen er det reglane i Lov om hundehold (hundeloven) som gjeld. 

Der heiter det at i tida frå og med 1. april til og med 20. august så skal ein hund vera i band eller vera forsvarleg inngjerda eller innestengt, slik at den ikkje kan jaga eller skada buskap eller dyrelivet elles. 

Det finnest unntak for hundar som vert nytta under jakt eller i aktiv teneste for politiet eller militæret.

Du kan lesa meir om bandtvang for hundar i Austrheim her.


Sist oppdatert: 02.05.2019
Publisert: 03.04.2019