HjemNyheterBålforbodet er oppheva

Bålforbodet er oppheva

Forbodet om bruk av eld, som vart innført 16. juni og som skulle gjelda til 30. juni, er oppheva.
Publisert: 22.06.2023
Sist endra: 22.06.2023

Det var brannsjef i Nordhordland brann og redning, som er brannsjef i Alver, Austrheim og Modalen, som innførte forskrifta med bålforbod.
No har det regna såpass at brannfaren i terrenget er mindre, og forbodet er oppheva frå og med fredag 23. juni klokka 08.00.

Dermed er det likevel lov med jonsokbål, samstundes som brannvernet minner om at det kan vera store lokale variasjonar, og ein må ta omsyn til lokale tilhøve.

Ein kan brenna jonsokbål/sankthansbål så lenge det er med god avstand til bygningar, skogsområde, vegetasjon og anna brennbart materiale. Husk å ta omsyn til brannfare og vind, og at bålet ikkje må vera større enn at ein har kontroll. Det skal ikkje tennast bål eller grill der ein ikkje kan garantera for branntryggleiken.

Brannvesenet ønskjer å takka innbyggarane som har respektert det ekstraordinære forbodet. Det har bidratt til at det ikkje har vore alvorlege hendingar i vårt område.

Hugs at det generelle bålforbodet i eller i nærleik av skog og anna utmark, i perioden 15. april til 15. september, framleis gjeld.