HjemNyheterBålforbod

Bålforbod

Brannvernet minner om at det i tidsrommet 15. april til 15. september er forbode å tenna opp bål og grilla, i eller i nærleiken av skog og anna utmark.

Bålforbodet skuldast at det i denne perioden er større fare enn i vinterhalvåret for å forårsaka gras- og skogbrannar. Det er lov å gjera opp eld der det openberrt ikkje kan medføra brann, men all bålbrenning skjer på eige ansvar.

Brannsjef Karl Johannes Romarheim minner om alle må vera varsama med grilling med eingongsgrill.  Slike er ofte årsak til gras- og skogbrannar.

- Plasser aldri eingongsgrillar på brennbart underlag. Brukte eingongsgrillar må sløkkjast grundig med vatn, og leggast i eigen metallbehaldar etter bruk, presiserer Romarheim, som er brannsjef i Nordhordland brann og redning.

Nordhordland brann og redning har heimesida www.brannvernet.no.


Sist oppdatert: 02.05.2019
Publisert: 15.04.2019