Badeplassundersøking juni 2022
Miljøretta helsevern melder at dei ikkje har kapasitet til å kontrollera alle badeplassane i regionen, men dei har sjekka seks badeplassar i Austrheim og alle har utmerka vasskvalitet.
Følgjande badeplassar vart kontrollerte den 28. juni:
- Årvika, Fonnes
- Mastrevikane v/ slipp
- Mastrevikane v/ båtar
- Øksnes
- Finnsvågen, Austrheimvågen
- Solesjøen
Meir informasjon frå Miljøretta helsevern:
Badevasskvaliteten er vurdert etter EUs badevannsdirektiv.
EUs kvalitetsnormer vurderer friluftsbad etter kategoriane: Utmerkt, god, tilstrekkeleg, eller dårleg.
NB! I ferskvatn kan det oppstå algevekst. Ein kan ikkje sjå bort frå at det kan førekomme oppblomstring av blågrønalgar (cyanobakteriar). Cyanobakteriar kan produsere toksiner (giftstoffar) og lukt- og smaksstoffer. Bading frarådast.
Alle må sjølv vurdere forholda på badeplassane dei besøker.
Sist oppdatert:
04.07.2022
Publisert:
04.07.2022