HjemNyheterAustrheim/Alver ute av vurderinga for batterifabrikken

Austrheim/Alver ute av vurderinga for batterifabrikken

Austrheim kommune har fått melding frå Joint Battery Initiative, som tidlegare i år har bedt om innspel til plassering av ein batterifabrikk, om at alternativet på Mongstad er ute av konkurransen.

Saman med Alver kommune leverte Austrheim innspel på fleire lokalitetar i Mongstad-området. I Austrheim vart det spela inn det ferdig regulerte industriområdet på Kaland-sida av fylkesveg 57.

I meldinga frå Joint Battery Initiative heiter det at prosjektet har mottatt meir enn 100 ulike forslag, og at ein etter den første evalueringa har redusert desse til rundt 20 tomteframlegg som skal vurderast vidare. Lokalisering på Mongstad er ikkje med i denne andre runden.


Sist oppdatert: 16.03.2021
Publisert: 16.03.2021