HjemNyheterAustrheim skårer bra på openheit

Austrheim skårer bra på openheit

Får ein fin 12. plass i Pressens offentlighetsutvalg og avisa Kommunal Rapport si kåring av openheit i den kommunale forvaltinga.
Publisert: 21.09.2023
Sist endra: 21.09.2023

Austrheim har fått ein delt 12. plass i årets openheitsbarometer, like bak Modalen og litt framfor Fedje. Aller flest poeng i kåringa er det trøndarane i Ørland kommune som har fått, dei toppar kåringa for andre året på rad.

Kommunal Rapport har både sendt kommunane spørsmål, og sjekka sjølv korleis det er med innsyn og slikt.

Det som gjev poeng er mellom anna å svara på innsynskrav innan fristane, ha fulltekstpublisering slik at dei dokumenta ein finn på postlista kan lesast utan å bestilla innsyn, senda politiske møte ope på nettet, og ha møteplan og protokollar frå kontrollutvalet tilgjengeleg på lik linje med papir frå dei andre politiske utvala.

Andre ting som er sjekka er om kontaktinfoen til dei folkevalde ligg på nett, og om dokumenta i byggesaker ligg ute.

Det er Pressens offentlighetsutvalg og Kommunal Rapport som saman har undersøkt openheit i den kommunale forvaltinga. Årets undersøking er den tredje i rekkja. 

Du kan lesa meir om undersøkinga i denne saka hjå Kommunal Rapport (klikk her - ekstern lenke)