HjemNyheterAustrheim rekrutterer leiarlag for framtida

Austrheim rekrutterer leiarlag for framtida

OrdskyAustrheim kommune går no ut og rekrutterer det nye leiarteamet, som saman med rådmann Liv Løvvik skal ta hand om drift og utvikling av kommunen vidare.

I og med at fleire leiarar går av med pensjon i desse tider, har kommunen lagt opp til felles rekruttering for rådmannsgruppa, og ein felles koordinert oppstart for gruppa når ein kjem så langt.

Følgjande stillingar vert no lyste ut:

  Kommunalsjef for oppvekst og kultur
  Kommunalsjef for forvaltning og service
  Økonomi- og personalsjef

I tillegg er alt Monika Kvamme på plass i stillinga som kommunalsjef for helse og omsorg.

Søknadsfristen for stillingane er 24. oktober, og ein tek sikte på å fullføra rekrutteringsprosessen i løpet av november/tidleg desember. Ut frå vanleg oppseiingstid på tre månader, vil truleg folk vera på plass i stillingane frå april.

- Målet er å skapa eit dynamisk leiarteam med komplementær kompetanse. Ei gruppe som både kan ta eit strategisk grep om sine sektorar, men som og kan fungera som eit kollektiv som saman løfter kommuneorganisasjonen, seier rådmann Liv Løvvik.

Samtidig som nye kostar er på veg inn, understrekar rådmannen den store innsatsen som vert gjort av dei leiarane som snart går over i pensjonistane sine rekkjer. Dei legg til rette for smidige overgangar, noko som er svært viktig både for det nye leiarteamet, og for kommunen si drift og utvikling.

Det er Liv Løvvik som rådmann som er ansvarleg for å rekruttera eiga leiargruppe. For å ivareta prosessen har kommunen engasjert Bedre Organisasjon AS, som og har vore med i arbeidet med omstillingsprosessen det siste året.

(Ordskya over teksten er frå innspela rådmann Liv Løvvik fekk, då ho spurte avdelingsleiarane om kva eigenskaper som trengs i rådmannen si leiargruppe.)


Sist oppdatert: 04.10.2019
Publisert: 04.10.2019