HjemNyheterAustrheim omfatta av nasjonal Korona-forskrift

Austrheim omfatta av nasjonal Korona-forskrift

Det betyr at dei tiltaka som Kommunal kriseleiing (KKL) i Austrheim har vedteke for perioden fram til med måndag 15. februar, frå måndag vert erstatta av den nasjonale forskrifta. Austrheim er plassert i same gruppe som Alver og fleire andre kommunar rundt Bergen, med strengare tiltak for å unngå utbrot av muterte Korona-virus.

Austrheim er plassert i kategori D, saman med kommunane Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Osterøy, Samnanger, Ullensvang, Vaksdal og Øygarden. Tiltaka gjeld frå måndag 15. til måndag 22. februar, som forlenging og justering av gjeldande tiltak.

Dette betyr forskrifta

For ein full gjennomgang av kva som gjeld frå måndag 15. februar viser me til «Forskrift om smitteverntiltak mv. ved koronautbruddet (covid-19-forskriften) - Kapittel 5D. Forsterkede smitteverntiltak i enkelte kommuner – noe høyt tiltaksnivå».

  • Her er det raskt oppsummert kva som er viktig å notera seg:
  • Serveringsstader kan halda ope, men det er framleis skjenkestopp.
  • Treningssenter kan vera opne for dei som er busette i kommunen.
  • Symjehallen er framleis ikkje open for offentleg bruk.
  • Det er framleis OK med organisert kultur-, idretts- og fritidsaktivitet, inne og ute, for barn og unge under 20 år. 20 år og oppover kan berre trena utandørs.
  • Arbeidsgjevarar skal syta for at dei tilsette så langt som mogleg brukar heimekontor, og skal kunna dokumentera at beskjed om dette er gitt.
  • Det skal brukast munnbind der det ikkje kan haldast god nok avstand, sjå forskrifta for detaljar, men generelt gjeld dette i butikkar, drosje og kollektivtransport, både for tilsette og kundar. Plikt om å bruka munnbind gjeld ikkje barn under 12 år, og andre som av medisinske årsaker ikkje kan bruka munnbind.

Lokale klargjeringar for butikkar

Kommunal kriseleiing (KKL) i Austrheim har fredag ettermiddag vurdert korleis ein skal plassera handelsstanden i kommunen inn i den nasjonale forskrifta.

KKL konkluderer med at ein ser på butikkane i Mastrevik, som har vore stengt denne veka, som enkeltbutikkar. Dette betyr at desse kan vera opne frå laurdag 13. februar. Det same gjeld andre butikkutsal i kommunen som måndag denne veka fekk beskjed om å stenga for privatkundar.

KKL minner om at grunnlaget for denne justeringa er ei forventing om at butikkane held oppe det gode arbeidet med smittevern, og etterlever desse krava:

  • Det skal brukast munnbind av både kundar og tilsette.
  • Butikkane må sjå til at kontaktflater vert vaska, som dørhandtak/handlevogner med meir.
  • Det må vera tilstrekkeleg med plass til å halda to meters avstand, og maksimaltalet for kundar i butikken må basera seg på dette.

Kommunen vil i tida framover ha personell ute for å kontrollera at smittevernreglane vert etterlevd, herunder at det ikkje er for mange kundar inne i butikkane mange inne i butikkane.

Eigne tiltak for byggeplassar

Austrheim har i dag slutta seg til tiltaka som er innførte i fleire nabokommunar for å unngå Korona-smitte via byggeplassar. Les meir om dette her:


Sist oppdatert: 12.02.2021
Publisert: 12.02.2021