HjemNyheterAustrheim legg seg på same tiltaksnivå som Alver

Austrheim legg seg på same tiltaksnivå som Alver

Tiltaka gjeld frå søndag 7. februar klokka 18.00, og til og med måndag 15. februar.

Bakgrunnen for at Austrheim legg seg på same tiltak som Alver og andre av dei næraste omegnskommunane til Bergen, er at Austrheim tilhøyrer den same bu- og arbeidsregionen. Mange reiser frå Bergen/Alver og til Austrheim for å gå på arbeid, og andre vegen.

I tillegg har ein no i helga fått påvist korona hjå ein innbyggjar i kommunen vår, eit tilfelle som kan vera knytta til eit utbrot i ein nabokommune.

Dette er tiltaka som er innført frå søndag klokka 18.00, og som i utgangspunktet gjeld til og med måndag 15. februar, eller til dei vert endra av KKL:

Barnehagar, skular, vidaregåande skule

Gult nivå i barnehagar, barneskular og ungdomsskular, i tråd med den nasjonale trafikklysmodellen.

Raudt nivå i vidaregåande skular, i tråd med den nasjonale trafikklysmodellen.

Arrangement

Nasjonale reglar og anbefalingar gjeld.

Idretts- og fritidsaktivitetar

Det er ikkje lov å organisera idrettsaktivitet for vaksne. Med vaksne er det meint personar som er 20 år eller eldre. Det same gjelder fritidsaktivitetar som organiserte øvingar, trening og prøver for kor, korps og teater.

Arbeidsplassar

Det er påbod om heimekontor for alle som kan. Arbeidsgjevarar skal syta for at tilsette jobbar heimefrå så langt det er praktisk mogleg. Arbeidsgjevarar skal kunna dokumentera at dei tilsette har fått beskjed om korleis dette skal gjennomførast i verksemda.

Butikkar

  • Varehus og kjøpesenter skal haldast stengt, med desse unntaka:
  • Matbutikkar, inkludert kioskar, helsekost og andre som i hovudsak sel matvarer.
  • Utsalsstader som i hovudsak sel dyrefor og andre naudsynte artiklar for kjæledyr og husdyr
  • Apotek
  • Bandasjistar
  • Optikarar
  • Serveringsstader
  • Verksemder som frisør, hudpleiar, tatovør mv.
  • Helsefaglege verksemder, som fysioterapeutar, kiropraktorar, fotterapeutar mv.
  • Bensinstasjonar
  • Salsverksemd til landbruk og dyreproduksjon
  • Lager- og grossistdelen i forretningar som sel til handverksverksemder og liknande

Butikkar og varehus kan halda ope for henting av førehandsbetalte bestilte varer, når utlevering kan skje på smittevernfagleg forsvarleg vis.

Restaurantar, kafear, barar og hotell

Serveringsstader kan halda ope, men det er innført skjenkestopp.

Desse verksemdene og stader skal vera stengde

  • Treningssenter
  • Bingohallar, bowlinghaller og tilsvarande stader der det pågår underhaldnings- og fritidsaktivitetar
  • Museum
  • Kino, teater, konsertstader og tilsvarande kultur- og underhaldningsstader.
  • Andre offentlege stader og verksemder der det skjer kultur-, underhaldnings- eller fritidsaktivitetar som samlar menneske innandørs, men unntak for stader der barn og unge under 20 år har slike aktivitetar.
  • Svømmehallar skal stengast, men det er ope for skulesymjing for dei under 20, symjekurs og symjetrening for barn i barneskule eller yngre og symjing for profesjonelle utøvarar. Rehabilitering og opptrening som vert tilbydd individuelt eller i mindre grupper med arrangør, er også lov. Det same med annan individuell behandling som det kan bestillast time til, og der bad er ein del av behandlinga.

Anbefalingar/tilrådingar

Alle bør avgrensa sosial kontakt.

Det vert oppfordra til å møta andre utandørs, og ikkje ha besøk av fleire enn 5 gjester i tillegg til dei som allereie bur saman. Dersom alle gjestene kommer frå same husstand kan ein vera fleire, men likevel ikkje fleire enn at ein kan halda avstand.

Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort.

Alle bør unngå unødvendige reiser.

Det er ikkje rådd frå å reisa til hytte utanfor eigen kommune. Men reis berre saman med medlemmer frå eigen husstand, og ikkje ta imot besøk. Gjer alle innkjøp i eigen kommune før avreise. Ikkje oppsøk butikkar, serveringsstader eller møteplassar med mange menneske i hyttekommunen. Hald god avstand til andre i skiløypa, skitrekket og på gåtur. Sjekk kva råd og reglar som gjeld for hyttekommunen, og følg dei.

Skianlegg kan halda ope, med tiltak for smittevern.

Kommunane og fylkeskommunane bør ha forsterka tiltak i kollektivtransporten. Dette kan til dømes vera at det berre er utnytta opptil 50 prosent kapasitet i transportmiddelet.

Ein-til-ein-verksemder, som til dømes frisørar, bør ha forsterka tiltak som bruk av munnbind i situasjonar der det ikkje er mogleg å oppretthalde ein meters avstand eller å redusera eller mellombels fjerna behandlingstilbod som inneber nær ansikt-til-ansikt kontakt.

Personar med høg risiko for å bli alvorleg sjuk eller dø dersom dei blir smitta, bør no leva meir skjerma.

Plikt til å bruka munnbind

Når det ikkje er mogleg å halda minst ein meters avstand, ut over kortvarige passeringar til andre enn husstandsmedlemmer, skal det brukast munnbind.

Det skal brukast munnbind på offentlege stader som butikkar, på kollektivtransport og innandørs stasjonsområde, serveringsstader når ein hentar take away, i fellesareal på kjøpesenter dersom dei er opne fordi det er apotek og matvarebutikkar på kjøpesenter og i trus- og livssynshus i samband med gravferder og bisettelsar.

Plikta til å bruka munnbind gjeld tilsvarande for tilsette på stader der det ikkje er mogleg å halda ein meters avstand frå besøkande. Dette gjeld ikkje tilsette på stader der det er iverksett andre smitteverntiltak for dei tilsette, som bruk av visir, skiljeveggar og liknande.

Passasjerar skal bruka munnbind i taxi. Munnbindet skal på før passasjeren set seg inn i taxien, og skal ikkje takast av før reisa er avslutta og passasjeren har gått ut av taxien. Plikta til å bruke munnbind gjeld tilsvarande for sjåfør når det er passasjer i taxien.

Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruka munnbind.

Følg med på heimesida for oppdatert informasjon.

Her kan du lesa kva Regjeringa skriv om det dei kallar Bergensutbruddet:


Sist oppdatert: 07.02.2021
Publisert: 07.02.2021