HjemNyheterAustrheim Landbrukskvinnelag fekk Kulturprisen 2022

Austrheim Landbrukskvinnelag fekk Kulturprisen 2022

Innimellom andre deler av programmet fekk ordførar Per Lerøy fram tre landbrukskvinner som har vore med heilt sidan starten, Svanhild Vadøy Neteland, Linda Skålevik Syslak og Torunn Øksnes.

Innimellom andre deler av programmet fekk ordførar Per Lerøy fram tre landbrukskvinner som har vore med heilt sidan starten, Svanhild Vadøy Neteland, Linda Skålevik Syslak og Torunn Øksnes.

På vegner av laget fekk dei prisen, som er på 5.000 kroner til Austrheim Landbrukskvinnelag, og i tillegg fekk dei kvart sitt villsauskinn frå Huldrefellen/Kjersti Børilden, med teksten: «Kulturprisen 2022 Austrheim kommune er tildelt Austrheim Landbrukskvinnelag. Vi set eigne fotefar!»

Det er formannskapet som avgjer kven som skal få kulturprisen, og det var eit samla formannskap som tidlegare i september avgjorde at Austrheim Landbrukskvinnelag skulle få prisen i 2022.

Talen til vinnarane

Dette er ordførar Per Lerøy sin tale i samband med utdelinga:

«Kulturprisen i Austrheim har blitt delt ut sidan 1989, og det er formannskapet som tek stilling til kven som får denne prisen.

Kulturprisen er ei takk og ei oppmuntring til dei som gjer ein innsats for «Det gode liv i Austrheim». Her i kommunen skal det vera godt å bu, jobba og ha fritid.

Kandidatar til denne prisen må på ein eller annan måte ha gjort noko som set spor etter seg i kulturlivet i Austrheim.

I Frivillighetens år 2022, går Kulturprisen til eit lag som er engasjert i lokalmiljøet og kulturlandskapet. Dei samlast for å få meir kunnskap om bransjen, og dei er opptekne av kunnskapsformidling.

Laget har vist, at med samarbeid med andre lag i kommunen og nabokommunen, er dei i stand til å gjennomføra store arrangement. I år er det 14. gangen dei inviterer til ein storarta dag for små og store, og som det også kjem folk langvegs ifrå for å oppleva.

Laget er lite, men har store visjonar om å setja eigne fotefar.

Austrheim kommune vil med dette dela ut Kulturprisen 2022 til Austrheim Landbrukskvinnelag, og ber om at dei som har vore med frå starten av tek i mot prisen: Svanhild Vadøy Neteland, Linda Skålevik Syslak og Torunn Øksnes."

Årets landbruksdag samla mykje folk, og arrangementet var ein suksess også i 2022. I tillegg til Austrheim Landbrukskvinnelag er det Austrheim Sau og Geit og Radøy Sau og Geit som arrangerer landbruksdagen.

Tidlegare kulturprisvinnarar:

2018: Steinar Ebbesvik, ærespris for sitt store engasjement og innsats innan kulturlivet i Austrheim
2018: Fonnes Bygdelag – for samarbeid og aktiv samfunnsutvikling,
Årvika friluftsområde og turveg til Vardetangen, Fonnesdajane.
2016: Henrik Austrheim – for frivillig innsats sidan barnsbein av
2014: Asbjørn Brandtun – aktiv innan idrett, kultur og landbruk
2012: Øystein Vikane – for frivillig og kyrkjeleg arbeid
2010: Rigmor Ludvigsen – for aktivitet i kulturlivet
2008: Trond Einar Sørensen – for arbeid med lyd og lys
2006: Dugnadsgjengen på Leirvåg Bedehus
2004: Knut Risnes – for aktiv innsats for bygda i ein mannsalder
2002: Joronn Sætre og Solveig Hopen – for arbeidet med jentespeidarane i 25 år 
2001: Arvid Tresvik – for innsatsen i Austrheim Rocke Verkstad
2000: Ingrid Askvik og Årås søndagsskule, v/Gro Johannesen 
1999: Monrad Sætre og Johanna Rebnord – for sosialt og medmenneskeleg engasjement 
1998: Per Ingemar Hartwall – for innsats i symjegruppa AIL 
1997: Asbjørg Lohne – for innsats i sanitetsforeining m.v. 
1996: Kjell-Tore Karlsen – for innsats innafor Austrheim Idrettslag m.v. 
1995: Neptun Pensjonistklubb – for innsats i Selsøya/krigshistorie
1994: Kolbjørn Haugland – for innsats i Austrheim samfunnshus, Austrheim songlag m.v. 
1993: Trygve Minde – for innsats mellom barn og unge 
1992: Gjertrud Daae – for allsidig innsats på kultursektoren
1989: Odd W. Suren – forfattar. Dette året vart det delt ut kulturstipend frå Austrheim kommune


Sist oppdatert: 28.09.2022
Publisert: 28.09.2022