HjemNyheterAustrheim får ein million til trafikksikring

Austrheim får ein million til trafikksikring

Vestland fylkeskommune gjev ein million i tilskot til opparbeiding av fortau og veglys, langs fylkesveg 5502 på Førland.
Publisert: 15.03.2024
Sist endra: 15.03.2024

Saka om tilskotsordninga for fysiske trafikktryggingstiltak var oppe i det fylkeskommunale Trafikktryggingsutvalet (FTU) i møtet 7. mars.

Dei folkevalde i utvalet fordelte i alt 8 515 362 kroner til 28 ulike prosjekt.

Arbeidet startar i 2024

Austrheim kommune skal inn med 1 million kroner i dette prosjektet i 2024, som er første steg i prosjektet. Kommunen skal bruka 1 million kroner til i steg 2, i 2025.

Opparbeiding av fortau vert gjort i samband med utbygginga av vatn til Førland, vassleidningen vert lagt i grøft langs vegen og det vert laga nytt fortau oppå. 

Arbeidet startar frå Solend-krysset mot Førland-krysset, og målet er å få på plass 800 meter fortau.

65 prosjekt ville ha pengar

I våre nabokommunar vart det gjeve støtte til gang- og sykkelveg langs ein kommuneveg på Byrknes i Gulen (646 900 kroner), til støypekant langs ein kommuneveg på Vågset i Masfjorden (320 500 kroner), og til rekkverk langs ein kommuneveg ved Åsgardane på Osterøy (544 962 kroner).

Det vart søkt om støtte til i alt 65 prosjekt, slik at det var mange som ikkje nådde opp. Alle søknadane har vore gjennom ei fagleg vurdering, som mellom anna har sett på risiko, betydning for trafikktryggleiken og kost/nytte.