HjemNyheterAustrheim kommune - informasjon om Korona

Austrheim kommune - informasjon om Korona

Dette er informasjonen om avgjerder teke av Austrheim kommune i samband med Korona-situasjonen, både i den førebyggande fasen og for konkrete smittetilfelle. Me rår alle til å følgja med på informasjonen frå kommunen, men samstundes også oppdatera seg på ny nasjonal informasjon.

Den gjeldande nasjonale forskrifta finn du på denne lenka her: (det meste er oppheva)

Sjølvregistrering av positiv hurtigtest:

Dei aller fleste skal no ta Korona-hurtigtest heime (men berre dersom du har symptom). Dersom du får positivt utslag, vil kommunen gjerne at du registrerer det gjennom tenesta Remin, på lenka her: Sjølvregistrering av koronatestar og nærkontaktar i Austrheim kommune | ReMin 

Les meir om RemIn og PCR-testar her på denne lenka:

Her finn du kommunal informasjon, med det siste først:

Oppfriskingsdose for Korona-vaksine - 22.03.23

Det er no tilbod om oppfriskingsdose med Korona-vaksine, og dei som ønskjer må ta kontakt med Servicekontoret på telefon 56162000 for å bli sett på liste. Legekontoret vil i neste omgang ringa tilbake med opplysningar om når ein kan få sett vaksinen.

Rådet frå Folkehelseinstituttet (FHI) er at denne oppfriskingsdosen med vaksine vert tatt av dei som er 75 år og eldre, og dei som bur på sjukeheim.

Ein ny dose vaksine er særleg aktuell for dei som ikkje har gjennomgått SARS-CoV-2-infeksjon tidlegare, og for dei som har ein eller fleire underliggande risikofaktorar.

Det bør ha gått meir enn 6 månader sidan sist dose.

Sjølva vaksineringa vil bli gjennomført mot slutten av april, når kommunen får tildelt nye vaksinedosar.

Vaksineringa er gratis, og frivillig.

Koronavaksinering torsdag 6. oktober - 30.09.22

Torsdag 6. oktober vert det koronavaksinering i Austrheimhallen, frå klokka 16.00 til 18.00. Møt fram, ingen timebestilling. Det vert sett vaksiner så lenge ein har. Vaksineringa er for alle som er 65 år og eldre, samt andre grupper, klikk her for å lesa meir:

Koronavaksinering torsdag 22. september - 15.09.22

Torsdag 22. september vert det koronavaksinering i Austrheimhallen, frå klokka 16.00 til 18.00. Møt fram, ingen timebestilling. Det vert sett vaksiner så lenge ein har. Vaksineringa er for alle som er 65 år og eldre, samt andre grupper, klikk her for å lesa meir:

4. dose Korona-vaksine blir gitt torsdag 25. august - 19.08.22

Torsdag 25. august vert det Korona-vaksinering med 4. dose for alle over 75 år. Vaksineringa vil skje i Austrheimhallen, frå klokka 16.00 til 18.00. Det er ikkje naudsynt å bestilla plass til vaksinering, det er berre å møta opp og så blir det gitt vaksine til lageret er tomt. (Klikk her for å lesa meir)

Koronainformasjon juli 2022 - Austrheim kommune
  • Det er ikkje generell anbefaling om testing ved nyoppståtte luftvegsymtomer, men vi bør framleis ta omsyn og beskytte dei rundt oss.

  • Er du sjuk og testar positivt gjeld rådet om å halde deg heime, slik som ved andre infeksjonssjukdommar. 

  • Du treng altså ikkje teste deg, men vi set pris på at dei som testar positivt registrerer dette i systemet ReMin, slik at vi kan halde nokolunde oversikt over situasjonen.
    Klikk her for sjølvregistrering av koronatester i Austrheim kommune - ReMin
  • Vi leverer ut sjølvtestar i Servicekontoret mellom kl. 09:00 og 14:00, i første rekkje til dei som har symptom. (Testing av personar utan symptom er ikkje anbefalt)

  • Har du behov for PCR- test i samband med reise, må du gjere dette hjå ein privat aktør.

Les meir meir på Helsenorge.no

Vil du ha 3. dose Korona-vaksine? Ta kontakt med legekontoret - 02.05.22

Dei som ønskjer dose nummer tre med vaksine mot Covid-19/Korona, og som ikkje har fått avtalt time, må ta kontakt med legekontoret på telefon 56 16 82 00.

Sjølvtestar hentar du på Servicekontoret - 08.04.22

Sjølvtestar skal heretter hentast på Servicekontoret på kommunehuset. Det er ope frå 08.30 til 15.00. Resultatet registrerer du på denne lenka: Sjølvregistrering av koronatestar og nærkontaktar i Austrheim kommune | ReMin 

Kommunen kan ikkje hjelpa med PCR-testar for dei som skal på reise, dette må du ordna privat hjå til dømes Volvat eller Dr. Dropin.

Nye nasjonale Korona-reglar frå 5. april 2022 - 08.04.22

Regjeringa har utarbeidd ein strategi for vidare handtering av pandemien, les meir om nasjonale reglar på desse lenkene:

På regjeringa.no kan du lesa meir om den langsiktige koronastrategien

På helsenorge.no kan du lesa kva råd som gjeld no for Korona/Covid-19

Utdeling av hurtigtestar - vaksinering - smittetal - 28.02.22

Utdeling av hurtigtestar vert frå denne veka redusert til to dagar i veka. Du kan henta hurtigtest måndag og torsdag, klokka 15.00 til 16.00, ved garasjen utanfor Austrheimhallen. Les om dette og anna oppdatert Korona-informasjon på denne lenka (klikk her):

Korona-vaksinering 23. februar og 8. mars - 21.02.22

Vaksinering mot Korona vil no skje på legekontoret, og etter bestilling av time. Det er i første omgang sett opp to dagar til vaksinering, onsdag 23. februar kl. 16 til 17, og tysdag 8. mars kl. 16 til 17. Klikk her for å lesa meir: 

Regjeringa fjernar krav til munnbind og meter - 12.02.22

Regjeringa har avslutta alle forskriftsfesta tiltak mot covid-19/korona, inkludert krav om munnbind, ein meter avstand og plikt til isolasjon ved sjukdom. Les meir her:

Siste runde med drop in-vaksinering er 9. februar - 09.02.22

Legekontoret står klare i Austrheimhallen for vaksinering klokka 16-17. Les om dette, om Korona-pass for ferie, og meir til ved å klikka her:

Utdeling av hurtigtestar flytta til Austrheimhallen - 03.02.22

Sjølvtestar for Korona skal frå og med torsdag 3. februar hentast ved Austrheimhallen (garasjebygg ved inngangen). Les om dette, og om at legekontoret berre tar PCR-testar på medisinsk grunnlag, ved å klikka her:

Nye Korona-reglar frå 1. februar klokka 23.00 - 01.02.22

Regjeringa har tysdag 1. februar kunngjort nye Korona-reglar, som inneber at dei aller fleste tiltaka er fjerna. Les meir ved å klikka her:

Elektronisk registrering av sjølvtest Korona - 26.01.22

Informasjon om dei nye reglane for Korona-testing, samt elektronisk registreing av positive sjølvtestar. Les om dette her:

Endringar for test og karantene - 25.01.22

Testing erstattar smittekarantene for nærkontaktar. Forskrifts-endringa gjeld frå og med midnatt, natt til 26. januar. Les meir på regjeringen.no: 

Informasjon til føresette og tilsette i barnehagar og skular - 17.01.22

Informasjon om tilrådingar og tiltak knytt til Covid-19, samt vaksine for barn. Les meir ved å klikka her:

Drop in-vaksinering onsdag 19. januar - 14.01.22

Onsdag 19. januar vert det ny runde Korona-vaksinering i Austrheimhallen, frå klokka 16.00 til 18.00. Les meir ved å klikka her:

Nasjonale Korona-reglar frå 14. januar - 14.01.22

Dette er dei nasjonale Korona-tiltaka som vart sette i verk frå midnatt natt til fredag 14. januar. Les meir ved å klikka her:

Drop in-vaksinering torsdag 13. januar - 10.01.22

Torsdag 13. januar vert det ny runde Korona-vaksinering i Austrheimhallen, frå klokka 16.00 til 18.00. Les meir ved å klikka her: 

Råd om testing, smittekarantene og isolasjon - 05.01.22

Her finn du informasjonen du treng, anten du er smitta eller nærkontakt. (Klikk her):

Drop in-vaksinering torsdag 6. januar - 03.01.22

Torsdag 6. januar vert det Korona-vaksinering i Austrheimhallen, frå klokka 16.00 til 18.00. Les meir ved å klikka her:

Planlegg drop-in vaksinering i veke 1 2022 - 30.12.21

Legekontoret planlegg ein ny runde med drop-in vaksinering mot slutten av den første veka i januar 2022. Kva tid, og kva dag, kjem det meir informasjon om tidleg i neste veke. Klikk her for å lesa oppdatert informasjon om Korona:

Takk for at du tar Korona-vaksine - 23.12.21

Legekontoret og Austrheim kommune takkar alle som har møtt til Korona-vaksinering no i haust. Dette er reglane som no gjeld for karantene og isolasjon, klikk her for å lesa:

Korona-vaksinering tysdag 21. desember - 17.12.21

Ny runde med Korona-vaksinering utan timebestilling, altså drop-in-vaksinering. Klikk her for å lesa meir:

Kven kan få sjølvtestar? - 16.12.21

Kommunen må prioritera strengt på kven som skal få utlevert sjølvtestar for Korona. Klikk her for å lesa meir:

Ta 3. vaksinedose – gå klar karantene - 15.12.21

Ny forskrift og nye råd og tilrådingar om Korona-pandemien er sette i verk frå i dag 15. desember. Klikk her for å lesa meir:

Drop-in vaksine 21. desember - 15.12.21

Det blir ny runde med Drop-in Korona-vaksinering i Austrheimhallen tysdag 21. desember klokka 15 til 17. Klikk her for å lesa meir:

Nye nasjonale Korona-reglar frå 15. desember - 14.12.21

Dette er dei nasjonale forskriftsfesta tiltak, råd og anbefalingar som gjeld frå natt til onsdag 15. desember. Les meir ved å klikka her

Korona-tiltak iverksett 9. desember - Drop-in vaksinering - 10.12.21

Les kva som gjeld om isolasjon og karantene, og når du kan få vaksine utan timebestilling (drop-in). Les meir på lenka:

Nye nasjonale Korona-tiltak - 07.12.21

Regjeringa varsla tysdag 7. desember nye nasjonale tiltak mot Korona-smitte. Les meir ved å klikka på lenka:

Strengare tiltak - meir vaksinering - 03.12.21

Regjeringa har innført regional forskrift - kommunen jobbar på med vaksinering.

Les meir ved å klikka på denne lenka:

Regionale smitteverntiltak vedtekne for Austrheim - 03.12.21

Regjeringa innfører regionale tiltak i fleire kommunar i Vestland for å få ned Korona-smitten. Austrheim er ein av kommunane som er omfatta.

Les meir ved å klikka på denne lenka:

Nye nasjonale tiltak og råd mot Korona-smitte - 30.11.21

Regjeringa har i dag 30. november innført nye nasjonale tiltak som skal hindra spreiing av Korona-viruset. Les meir her:

50 smitta siste månad - smittestatus per 26.11.21

Ei kort oppsummering av smittesituasjonen:

  • Dei som er sjuke er fordelt mellom at dei er asymptomatiske, eller har symptom tilsvarande ei forkjøling eller influensaliknande sjukdom.
  • Ingen alvorleg sjuke, og ingen herifrå på sjukehus på grunn av Korona.
  • Ikkje smitte inn på sjukeheimen.

Austrheim har ei forskrift som gjeld fram til 5. desember. Oppmodar på det sterkaste til at folk etterlever denne, for å unngå at smitten sprer seg. Klikk her for å lesa den:

Dette gjeld bruk av munnbind, halda avstand, reine hender, ikkje handhelsa med meir, og aller viktigast: At folk heldt seg heime ved teikn til nyoppståtte luftvegssymptom, og at spesielt vaksne og ungdommar då må testa seg.

Om ein opprettheld desse relativt enkle tiltaka, kan alle gjera sitt for å halda smitten nede, og sikra at alle får ein god juleferie med familien.

Les gjerne meir i saka som vart lagt ut onsdag: Hugs påbod og råd!

Hugs påbod og råd - smitteoppdatering Korona - 25.11.21

Austrheim er no oppe i 45 personar med stadfesta Korona-smitte den siste månaden, og med denne utviklinga er det viktig at den enkelte gjer sitt for å avgrensa vidare spreiing av viruset. Det er bra at mange brukar munnbind på butikkar, kollektivtransport og andre stader der det er vanskeleg å halda ein meters avstand. Men det er framleis ein del som ikkje er like flinke, så dette er ei påminning om forskrifta som er innført. Klikk her for å lesa meir: 

Nye smitta i Austrheim - nytt tiltak om bruk av munnbind - 19.11.21

Det er 37 nye Korona-smitta sidan rundt 20. oktober, som var då Austrheim fekk det første av fleire smitteutbrot etter ein lengre periode med berre nokre få Korona-tilfelle. Fredag 19. november går Bergen kommune ut med nye tiltak som er heimla i ei forskrift som skal gjelda frå måndag 22. november. Austrheim innfører dei same tiltak og gjev dei same råda. Les meir her:

Smitteutbrot i Austrheim - 26 Korona-smitta siste to veker - 10.11.21

Med bakgrunn i dagens smittesituasjon, har Kommunal kriseleiing (KKL) i dag 10. november komme med nye Korona-anbefalingar. Les meir her

Slik hentar du ut Korona-testar til bruk heime - 10.11.21

Alle som har symptom på Korona, kan få gratis hurtigtest på Austrheim legekontor. Men ikkje ring om dette - sjekk heller hentetidene. Henting av testar skjer på baksida av legekontoret, mellom klokka 14.30 og 15.15. Gå rundt kommunehuset og finn døra innerst under taket, ring på dørklokka, og det kjem nokon ut og leverer test. Les meir her:

Smitteutbrot i Austrheim, grunnleggande smittevern viktig - 28.10.21

Korona-pandemien er ikkje over, og dei siste dagane er det både unge og vaksne Austrheim-innbyggjarar som har testa positivt for Korona. Dei som er smitta har relativt milde symptom, og det vert i denne omgang ikkje innført nye tiltak i kommunen. Les meir her:

Korona- og vaksine-status per fredag 15.10.2021

Det vert vaksinering onsdag den 20. oktober, som oppsamling for dei som skal ha 2. dose Korona-vaksine. Neste runde med 3. dose vert i desember. Les meir her: 

Korona- og vaksine-status per fredag 08.10.2021 - 3. dose vaksine

Austrheim inviterer alle over 65 år til å komma for å få ein 3. dose/påfyllingsdose med Korona-vaksine. Det må ha gått seks månader sidan du fekk andre dose med Korona-vaksine, i praksis før 20. april.

Du må melda deg på for å få denne 3. vaksinedosen, ring Servicekontoret på 56162000 og oppgje namn, fødselsdato og telefonnummer. Klikk her for meir om dette, og Korona-informasjon elles:

Korona- og vaksine-status per fredag 01.10.2021

Samfunnet har opna igjen etter korona-stenginga - men framleis er det noko å passa på. Klikk her for å lesa det som er viktig å notera seg her i Austrheim:

Korona- og vaksine-status per fredag 24.09.2021

No hastar det om du vil ha 1. dose med Korona-vaksine - no opnar samfunnet igjen. Les meir her:

Korona- og vaksine-status per fredag 17.09.2021

Ein sjanse igjen til vaksinering med 1. dose – Austrheim snart ferdig med vaksinering mot Korona. Les meir her:

Korona- og vaksine-status per fredag 10.09.2021

Om du ønskjer å få Korona-vaksine, men ikkje har meldt deg enno, er det snart siste frist for å be om 1. dose. I Austrheim er siste sjanse for 1. dose å få sett den torsdag 16. september eller torsdag 23. september. Les meir her 

Korona- og vaksine-status per fredag 03.09.2021
  • 1: Snart siste frist for å melda seg til vaksinering med 1. dose.
  • 2: No startar vaksineringa av årskulla 2006 til 2009.
  • 3: Hugs å stilla til vaksinetimen din!

Les meir her 

Covid-19 vaksinering av barn/unge fødde 2006-2009 (fylt 12 år)

Torsdag 9. september vert det vaksinering av barn/unge fødde 2006-2009 (må ha fylt 12 år). Vaksineringa er i Austrheimhallen frå kl.17.00 og utover:

  • 7. klasse møter kl. 17.00
  • 8. klasse møter kl. 17.30
  • 9. klasse møter kl. 18.00
  • 10. klasse møter kl.18.30

Alle må ha med samtykkeskjema med underskrift frå begge foreldre.
Dei som ikkje er 12 år enno, vil få tilbod om vaksine etter fylte 12 år.
Dersom nokon ikkje kan denne dagen, ta kontakt med Austrheim legekontor/Årås helsestasjon.

Korona- og vaksine-status per fredag 27.08.2021

Vaksinestatus i Austrheim per 27. august 2021 er at 2.281 personar har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 1.562 også fått den andre og siste dosen.

Neste vaksinering vert torsdag 2. september i Austrheimhallen. Om du har fått sett dose 1, og vil framskunda den 2. dosen, ta kontakt med legekontoret for å få sett opp time. Les meir her

Framskundar vaksinering med 2. dose - informasjon måndag 23.08.2021

Austrheim kommune har fått mange vaksinedosar for denne veka og den neste, og ønskjer no å framskunda avtalane for dei som er sette opp med 2. dose med Korona-vaksine i oktober.

Om du er sett opp med 2. dose i oktober, ta kontakt med Austrheim legekontor for ein ny avtale. Det er mogleg å få flytta fram din time til vaksinering, til torsdag 26. august. Kommunen held fram med vaksinering torsdagar framover, slik at den neste vaksinedagen er 2. september og deretter 9. september.

Merk at det skal gå minst tre veker mellom vaksinering med 1. og 2. dose. Ta også kontakt dersom du ikkje har fått den 1. dosen, men ønskjer det no.

Tilbodet om Korona-vaksine er no utvida også til dei som er 16 og 17 år (fødde i 2004 og 2005). Legekontoret kontaktar desse, men ring sjølv om du ønskjer vaksine men ikkje er kontakta.

Du kan ringa legekontoret på 56168200, måndag til fredag mellom 08.30 og 12.00, og mellom 13.00 og 15.00. Det er viktig at ein svarer telefonen når legekontoret ringer for å avtala time, og i neste omgang møter presis til den tida ein har vaksinetime.

Vaksinen er gratis, og det er frivillig å ta den eller ikkje.

Korona- og vaksine-status per fredag 20.08.2021

Vaksinestatus i Austrheim per 20. august 2021 er at 2.045 personar har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 1.546 også fått den andre og siste dosen.

Neste vaksinering vert torsdag 26. august i Austrheimhallen. Til denne vaksineringa vil kommunen få ekstra mange dosar. Det kjem SMS til innbyggjarane tidleg i veke 34 med meir informasjon om dette, mellom anna om å opna for tilbod om vaksinering av 16- og 17-åringar. Klikk her for å lesa meir:

Korona- og vaksine-status per fredag 13.08.2021

Vaksinestatus i Austrheim per 13. august 2021 er at 2.030 personar har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 1.417 også fått den andre og siste dosen.

Neste vaksinering vert torsdag 19. august i Austrheimhallen. Til denne vaksineringa vil kommunen få 132 dosar. Mesteparten av desse vil gå til dose 2-vaksinering.

Den enkelte vil bli oppringt med tilbod, og for å avtala tid til vaksinering. Det vert ikkje drop in-vaksinering 19. august. Klikk her for å lesa meir:

Korona- og vaksine-status per fredag 06.08.2021

Vaksinestatus i Austrheim per 6. august 2021 er at 2.008 personar har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 1.337 også fått den andre og siste dosen.

Neste vaksinering vert onsdag 11. august i Austrheimhallen. Til denne vaksineringa vil kommunen få 102 dosar.

Den enkelte vil bli oppringt med tilbod, og for å avtala tid til vaksinering.

Dersom legekontoret ikkje har fått fatt i deg for å gje tilbod om time, eller du kanskje har sagt nei til vaksine tidlegare, er det no ope for å ringa legekontoret for å be om time til vaksinering. Du kan ringa legekontoret på 56168200, måndag til fredag mellom 08.30 og 12.00, og mellom 13.00 og 15.00.

Vaksinen er gratis, og det er frivillig å ta den eller ikkje. Klikk her for å lesa meir:

Korona- og vaksine-status per fredag fredag 30.07.2021

Vaksinestatus i Austrheim per 30. juli er at 1.960 personar har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 1.076 også fått den andre og siste dosen. Neste vaksinering vert onsdag 4. august i Austrheimhallen.

No er vaksinetilbodet ope for alle over 18 år som ikkje har fått første dose. Den enkelte vil bli oppringt med tilbod, og for å avtala tid til vaksinering. Dersom legekontoret ikkje har fått fatt i deg for å gje tilbod om time, eller du kanskje har sagt nei til vaksine tidlegare, er det no ope for å ringa legekontoret for å be om time til vaksinering. Les meir her:

Tilbod til alle over 18 år om 1. dose, også Drop-in-vaksinering i Austrheimhallen 28. juli

Er du over 18 år og ønskjer 1. dose med Korona-vaksine? Ring Austrheim legekontor tysdag 27. juli for vaksine-avtale (telefon 56168200, frå 08.30 til 15.00).

Vaksineringa skjer i Austrheimhallen onsdag 28. juli.

Der vert det også Drop-in vaksinering for dose 1, klokka 14.30-16.00, eller så langt det rekk.

Tips gjerne andre om dette!

Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine

Korona-smitteutbrot i Austrheim - fredag 23.07.2021

Positive prøvesvar som har komme fredag 23. juli viser at det er eit pågåande smitteutbrot i ungdomsmiljøet i Austrheim.

Det er til no i alt sju som har testa positivt for Korona-viruset i dette siste utbrotet, men nokre med bustad i andre kommunar. Ingen er sålangt alvorleg sjuke, men alle får oppfølging. 

Fleire testa seg fredag, og det vert også testing på laurdag og seniare, slik at omfanget av utbrotet kan auka i dagane framover. Les meir her:

Korona- og vaksine-status per fredag 23.07.2021

Vaksinestatus i Austrheim per 23. juli er at 1.532 personar har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 1.021 også fått den andre og siste dosen. Neste vaksinering vert onsdag 28. juli i Austrheimhallen. Til denne vaksineringa er det tildelt ekstra mange vaksinedosar, kring 400 stykk. Kommunen har difor gått ut med eit generelt tilbod om vaksine til alle innbyggjarar over 18 år som ikkje har fått første dose. Klikk her for å lesa meir:

Tilbod om Korona-vaksine til alle uvaksinerte over 18 år, melding torsdag 22.07.2021

Alle uvaksinerte over 18 år vert no ringt av kommunen for tilbod om Korona-vaksine (1. dose) på onsdag 28. juli.

Viktig: Svar på oppringing, og møt presis til avtalt vaksinetime.

Uvaksinerte over 18 år som ikkje er kontakta før tysdag 27. juli, kan ringa legekontoret 56168200. 

Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine

Ein person smitta av Korona, melding onsdag 21.07.2021

Vedkommande var på arbeid hjå Kilstraumen Brygge måndag 19. juli, i tidsrommet 14-21. Personen var ikkje sjuk då, men utvikla symptom i etterkant, og har no testa positivt for viruset.

Alle som var gjester der i dette tidsrommet må vera særleg på vakt for symptom på Korona. Dersom ein kjenner symptom må ein gå i karantene, og testa seg for smitte. Les meir her:

Korona- og vaksine-status per fredag 16.07.2021

Vaksinestatus i Austrheim per 16. juli er at 1543 personar har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 1011 også fått den andre og siste dosen.

Tala for veke 28 var ikkje heilt rett grunna endringar i tilsendt statistikk frå FHI.

Neste vaksinering vert onsdag 21. juli i Austrheimhallen. Vi held fram med vaksinering av aldersgruppene 18-24 år og 40-44 år.

Viktig at du svarar når du blir oppringt frå legekontoret.

Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine. Dette gjeld også helsepersonell som skal revaksinerast, legekontoret tar kontakt med den enkelte.

For vaksineringa 14. juli var det 20 nyvaksineringar, og 64 revaksineringar. Neste veke får Austrheim 138 dosar. Klikk her for å lesa meir.

Korona- og vaksine-status per fredag 09.07.2021

Vaksinestatus i Austrheim per 9. juli er at 1.485 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 945 også fått den andre og siste dosen.

Neste vaksinering vert onsdag 14. juli i Austrheimhallen. Da vert det for det meste revaksinering, men vi held og fram med aldersgruppene 18-24 år og 40-44 år.

Viktig at du svarar når du blir oppringt.

Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine. Dette gjeld også helsepersonell som skal revaksinerast, legekontoret tar kontakt med den enkelte.

For vaksineringa 7. juli var det 69 nyvaksineringar, og 15 revaksineringar. Nyvaksineringar denne veka var for det meste til personar i alder 18 - 24. Neste veke får Austrheim 84 dosar. Klikk her for å lesa meir.

Korona- og vaksine-status per torsdag 01.07.2021

Vaksinestatus i Austrheim per 1. juli er at 1.454 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 932 også fått den andre og siste dosen.

Neste vaksinering vert onsdag 7. juli i Austrheimhallen.
No er det aldersgruppene 18-24 år og 40-44 år som står for tur. VIKTIG å svare telefon når du blir oppringt.

Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine. Dette gjeld også helsepersonell som skal revaksinerast, legekontoret tar kontakt med den enkelte.

For vaksineringa 30. juni var det 120 nyvaksineringar, og 6 revaksineringar. Nyvaksineringar denne veka var til personar i alder 45-54 år samt yngre med tilleggsdiagnosar. Neste veke får Austrheim 84 dosar. Klikk her for å lesa meir:

Korona- og vaksine-status per fredag 25.06.21

Vaksinestatus i Austrheim per 25. juni er at 1.334 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 926 også fått den andre og siste dosen.

Neste vaksinering vert torsdag 1. juli i Austrheimhallen. Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine. Dette gjeld også helsepersonell som skal revaksinerast, legekontoret tar kontakt med den enkelte.

For vaksineringa 24. juni var det 104 nyvaksineringar, og 34 revaksineringar. Nyvaksineringar denne veka var til personar i alder 45-54 år samt yngre med tilleggsdiagnosar. Neste veke får Austrheim 126 dosar. Klikk her for å lesa meir:

Korona- og vaksine-status per fredag 18.06.21

Vaksinestatus i Austrheim per 18. juni er at 1.230 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 892 også fått den andre og siste dosen.

Neste vaksinering vert torsdag 24. juni i Austrheimhallen. Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine. Dette gjeld også helsepersonell som skal revaksinerast, legekontoret tar kontakt med den enkelte.

For vaksineringa 17. juni var det 53 nyvaksineringar, og 73 revaksineringar. Nyvaksineringar denne veka var til personar i alder 55-64 år samt yngre med tilleggsdiagnosar. Neste veke får Austrheim 138 dosar.

For å lese meir om dette klikk her: 

Korona- og vaksine-status per fredag 11.06.21

Vaksinestatus i Austrheim per 11. juni er at 1.177 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 819 også fått den andre og siste dosen.

For vaksineringa 10. juni var det 42 nyvaksineringar, og i alt 84 revaksineringar. Nyvaksineringar denne veka var til personar i alder 55-64 år samt yngre med tilleggsdiagnosar.

Om du meiner at du er i risikogruppe og skulle hatt vaksine raskare enn andre på din alder, kan du ringa til legekontoret for registrering av vaksineønsket. Legekontoret har telefon 56 16 82 00. Om du meiner at du skal ha tilbod om vaksine samstundes med andre på din alder, kan du berre venta på at legekontoret tar kontakt for tilbod om vaksine.

Klikk her for å lesa meir om vaksinering og gjeldande reglar:

Korona- og vaksine-status per fredag 04.06.21

Vaksinestatus i Austrheim per 4. juni er at 1.051 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 735 også fått den andre og siste dosen.

Neste vaksinering vert torsdag 10. juni i Austrheimhallen. Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine. Dette gjeld også helsepersonell som skal revaksinerast, legekontoret tar kontakt med den enkelte.

For vaksineringa 4. juni var det 74 nyvaksineringar, og i alt 172 revaksineringar til personar som fekk anten BioNTech-Pfizer-vaksine, eller AstraZeneca i første runde. AstraZeneca-vaksinen blir ikkje brukt lengre. Nyvaksineringar denne veka var til personar i alder 55-64 år samt yngre med tilleggsdiagnosar.

Klikk her for å lesa meir om vaksinering og gjeldande reglar:

Korona- og vaksine-status per fredag 28.05.21

Vaksinestatus i Austrheim per 28. mai er at 977 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 563 også fått den andre og siste dosen. Neste vaksinering vert torsdag 3. juni i Austrheimhallen.

Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine. Dette gjeld også helsepersonell som skal revaksinerast, legekontoret tar kontakt med den enkelte.

Også for vaksineringa 3. juni vert det mest revaksinering, i alt skal det settast 246 dosar. Det er revaksinering for dei som fekk 1. dose med BioNTech-Pfizer-vaksinen, og for dei som fekk AstraZeneca i første dose. Det vert også nokre dosar med 1. dose, det er til personar i alder 55-64 år samt yngre med tilleggsdiagnosar.

Korona- og vaksine-status per fredag 21.05.21

Vaksinestatus i Austrheim per 21. mai er at 968 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 356 også fått den andre og siste dosen.

Neste vaksinering vert torsdag 27. mai i Austrheimhallen. Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine. Dette gjeld også helsepersonell som skal revaksinerast, legekontoret tar kontakt med den enkelte.

For vaksineringa 27. mai vert det revaksinering, herunder revaksinering med ny vaksine for dei som fekk AstraZeneca i 1. dose. Det er 102 dosar til revaksinering for dei som fekk 1. dose med BioNTech-Pfizer-vaksinen, og 116 dosar med BioNTech-Pfizer-vaksinen til dei som fekk AstraZeneca i første dose. Helsepersonell som fekk AstraZeneca i dose 1, får tilbod om revaksinering neste veke eller veka etter.

Klikk her for å lesa meir om dette og om utbrot blant russen i Nordhordland:

Korona- og vaksine-status per fredag 14.05.21

Vaksinestatus i Austrheim per 14. mai er at 962 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 284 også fått den andre og siste dosen.

Neste vaksinering vert torsdag 20. mai i Austrheimhallen. Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine. For vaksineringa 20. mai får Austrheim 78 dosar.

Vaksineringa følgjer den nasjonale prioriteringa, no vert det gitt vaksine til innbyggjarar i aldersgruppa 55-64 år, samt personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med risiko for alvorleg forløp. I den enkelte aldersgruppa som får tilbod om vaksine, er det dei eldste som står først i køen. Klikk her for å lesa meir:

Korona- og vaksine-status per fredag 7.05.21

Vaksinestatus i Austrheim per 7. mai er at 896 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 247 også fått den andre og siste dosen.

Neste vaksinering vert tysdag 11. mai i Austrheimhallen, veka etter er ein tilbake til torsdagar som vaksinedag. Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine. For vaksineringa 11. mai får Austrheim 66 dosar. Klikk her for å lesa meir om status smitte og vaksinering:

Korona- og vaksine-status per fredag 30.04.21

Vaksinestatus i Austrheim per 30. april er at 846 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 207 også fått den andre og siste dosen. 

Det er planlagt vaksinering i Austrheimhallen på torsdagar vidare, også i mai månad (med unntak av 13. mai som er Kristi Himmelfartsdag, den veka vert det vaksinering tysdag 11. mai). Som tidlegare er det slik at legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine. Les meir her (klikk på lenka):

Korona- og vaksine-status per fredag 23.04.21

Austrheim har ikkje hatt smitte sidan tidleg i februar, og med god etterleving av gjeldande råd og reglar håpar me at dette held fram.

Som tidleg er det den grunnleggande innsatsen frå alle som er avgjerande: Avstand – reine hender – handsprit og munnbind der det trengs. Les meir her (klikk på lenka):

Vaksine-status per fredag 16.04.21

Vaksinestatus i Austrheim per 16. april er at 671 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 175 også fått den andre og siste dosen.

Neste veke vert det vaksinering torsdag 22. april i Austrheimhallen. Kommunen får 78 dosar til den 22. april, og jobbar no med vaksinering av personar i aldersgruppa 65-74 år, samt personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med risiko for alvorleg forløp. I den enkelte aldersgruppa som får tilbod om vaksine, er det dei eldste som står først i køen. Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time.

For vaksinering den 29. april ventar kommunen å få 84 dosar.

Under her er ein link til eit skjema som skal fyllast ut av dei som skal ha vaksine, dette skal du ha med deg til hallen når vaksinen skal settast. Du kan skriva skjemaet ut frå nettet, eller henta det i Servicekontoret på kommunehuset. Der ligg desse tilgjengeleg rett innom døra.

Vaksinen er gratis.

Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine

Dette er dei nasjonale Korona-tiltaka som gjeld frå fredag 16.04.21

Austrheim følgjer dei nasjonale Korona-tiltaka, som er endra frå i dag 16. april. Les meir her:

Lettar litt på nasjonale Korona-tiltak frå fredag 16.04.21

Regjeringa har bestemt at det frå fredag 16. april vert letta litt på dei nasjonale Korona-tiltaka. Dette kom fram på ein pressekonferanse tysdag 13. april klokka 16.00, klikk her for å lesa meir:

Vaksine-status per fredag 09.04.21

Vaksinestatus i Austrheim per 9. april er at 498 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 171 også fått den andre og siste dosen.

Neste veke vert det vaksinering torsdag 15. april i Austrheimhallen. Kommunen har fått 96 dosar, og jobbar no med vaksinering av personar i aldersgruppa 65-74 år samt personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp. I den enkelte aldersgruppa som får tilbod om vaksine, er det dei eldste som står først i køen. Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time.

Under her er ein link til eit skjema som skal fyllast ut av dei som skal ha vaksine, dette skal du ha med deg til hallen når vaksinen skal settast. Du kan skriva skjemaet ut frå nettet, eller henta det i Servicekontoret på kommunehuset. Der ligg desse tilgjengeleg rett innom døra.

Vaksinen er gratis.

Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine

Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine

Her er eit skjema som skal fyllast ut og tas med når du skal ta vaksinen mot Korona. Skjemaet inneheld mellom anna spørsmål om annan vaksinestatus, tidlegare smitte med meir. Om du ikkje har skrivar/printer heime, kan du henta dette skjemaet på kommunehuset. På Servicekontoret trykker me opp og legg dei rett innom inngangsdøra (hovudinngangen), slik at du kan henta skjemaet utan å gå heilt inn.

Ingen lokal Korona-smitte - hald oppe innsatsen - status 30.03.21:

Her i Austrheim har det ikkje vore lokal Korona-smitte sidan tidleg i februar, men det er ingen grunn til å slappa av på innsatsen. Med fokus på tiltaka vidare, og fleire som får vaksine, kan ein klara å komma gjennom pandemien utan ei ny bølgje med smitte. Klikk her for å lesa meir.

Kommunehuset berre ope for dei med avtale - frå 25. mars til påske:

Med dei nye nasjonale Korona-tiltaka er det ikkje mogleg å berre stikka innom kommunehuset. Dette gjeld frå torsdag 25. mars: (klikk for å lesa meir)

Nye nasjonale Korona-tiltak frå 25. mars:

Regjeringa kunngjorde tysdag 23. mars nye og strengare nasjonale tiltak mot Korona, som skal gjelda frå natt til torsdag 25. mars. Les meir her:

Låg terskel for testing - ingen ny smitte - status fredag 19.03.21:

Kjenner du Korona-symptom eller har du vore på reise? Legekontoret gjennomfører Korona-testing fleire gonger i veka, og dei som har vore på reise eller av andre grunnar er aktuelle for testing, kan ta kontakt. Klikk her for å lesa meir.

Ingen ny smitte - ventar med Astra Zeneca - status fredag 12.03.21:

Det er gjort rundt 1350 Korona-testar i Austrheim sidan starten av pandemien i mars 2020. No er det over ein månad sidan det sist var avdekka smitte. Bruken av vaksine frå Astra Zeneca er sett på pause. Klikk her for å lesa meir:

Ingen nye nasjonale Korona-tiltak - status tysdag 9.03.21:

Regjeringa melder tysdag 9. mars at dei vil gripa inn raskt dersom Korona-smitten spreier seg vidare. Klikk her for å lesa meir.

Godt i gang med vaksineringa - status fredag 5.03.21:

Austrheim er godt i gang med vaksineringa mot Korona, og kan etter kvart få tilgang til fleire typar vaksine, klikk her for å lesa meir: 

Austrheim går ut av forsterka Korona-forskrift - frå måndag 22.02.21:

Frå natt til måndag 22. februar er Austrheim tilbake på dei nasjonale Korona-tiltaka, når dei forsterka lokale tiltaka for kommunane rundt Bergen vert oppheva. Klikk her for å lesa meir:

Austrheim omfatta av nasjonal Korona-forskrift - frå måndag 15.02.21:

Austrheim er frå måndag 15. februar omfatta av den nasjonale forskrifta med tiltak som skal hindra spreiing av Korona-viruset. Les meir her:

Eigne tiltak for byggeplassar - frå fredag 12. februar 2021:

Austrheim sluttar seg til tiltaka som er innførte i fleire nabokommunar for å unngå Korona-smitte via byggeplassar. Les meir her:

Nye besøksreglar på Nordliheimen frå 08.02.21:

Retningslinjer for besøkande på Nordliheimen, som gjeld frå måndag 8. februar 2021:

Strengare tiltak - ny smitte - status per 07.02.21:

Kommunal kriseleiing (KKL) i Austrheim har bestemt å innføra tilsvarande smitteverntiltak som i Alver og andre omegnskommunar til Bergen, les meir her:

Testa 1.234 - nye besøksreglar på Nordliheimen - status per 05.02.21:

Austrheim har ikkje hatt lokale Korona-utbrot sidan tidleg i desember. Les meir om smittesituasjonen, og om nye besøksreglar på Nordliheimen:

Opnar meir i hallen og slutt på skjenkestopp - status per 20.01.21:

KKL har onsdag gjort ei endring lokalt, og så har Stortinget oppheva skjenkestoppen, les meir her:

Korona-tiltaka som gjeld frå 20. januar - status per 19.01.21:

Her er status lokalt, og oppsummering av lokale og nasjonale Korona-tiltak, som gjeld frå 20. januar:

Vaksinering i gang, nye reglar for innreise. Status 08.01.21:

Ingen nye smitta i Austrheim - vaksinering i gang - nye reglar for test ved innreise. Klikk her for å lesa meir, også på andre språk enn norsk.

Korona-tiltaka som gjeld til 18. januar:

Her er ei oppsummering av lokale og nasjonale Korona-tiltak, som gjeld frå 4. til 18. januar:

Nye nasjonale Korona-tiltak - frå 04.01.21

Regjeringa orienterte søndag 3. januar om nye tiltak mot Korona-smitte, gjeldande til 18. januar. Les meir om dette her:

Informasjon til deg som er ansvarleg for arrangement (UTGÅTT, IKKJE I BRUK):

Presisering av smitteverntiltak i Austrheim kommune, ved ulike arrangement:

Retningslinjer frå dei ulike bransjestandardane og overordna organisasjoner vert lagt til grunn.
I tillegg krev Austrheim kommune følgjande:

Ansvarleg må sjå til at lokala er klarert før bruk, at det er tørkepapir ved vaskar og toalett, at det er tilgjengeleg og nok handsprit, at ein unngår kødanning, og at ein viser bort personar med eventuelle Covid-symptom, eller luftvegsinfeksjonssymptom.

Vi ber arrangør senda inn sjekklisteskjema slik at vi kan kontrollera at smitteverntiltak blir ivareteke.

Skjema for sjekkliste for arrangementsansvarleg

Det skal føreligge dokumentasjon på:

  • Ansvarleg leiar (namn og telefonnummer)
  • At ansvarshavande sikrar at reglane er gjort kjent for alle deltakarar/dei som er tilstades
  • At det blir ført liste over alle som er tilstades, inkludert telefonnummer
  • At listene vert oppbevarte i 14 dagar, deretter makulert, og at ein har eit system for dette
  • At ansvarshavande sjølv eller ved personleg utpeika person sikrar vask/spriting av felles kontaktflater i dusj/toalett/garderobeanlegg mellom dei ulike brukarane, samt før og etter bruk
  • At ein har generelt fokus på orden, reinhald og smittehensyn, inkludert avstand i garderobe/dusj
  • Annakvar dusj er markert og blokkert, kun annakvar dusj kan nyttast
  • Sikring av smitteforsvarleg tømming av boss
  • Oppmodar deltakarane til å ta test ved symptom på korona og at ansvarleg leiar vert informert om dette. Ansvarleg leiar kontaktar Smittevernlegen.

 
Kor mange er smitta i Austrheim?

Folkehelseinstituttet (FHI) brukar eit eige meldingssystem for smittsame sjukdommar, som heiter MSIS. Avisa VG hentar data direkte frå MSIS, slik at avisa har oppdaterte tal om smitte straks dette er registrert i systemet. Du kan kikka på VG sine smittetal for Austrheim her (ekstern lenke).

Tidlegare saker om Covid-19/Korona:

Ingen ny smitte - les om vaksinering. Status 30.12.20

Etter å ha testa nær 1100 personar så langt i år, er det dei siste vekene ikkje oppdaga ny Korona-smitte i Austrheim. No startar snart vaksineringa, les meir om dette her:

Koronavaksinering i 2021 - slik er planen. Status 18.12.20

På nyåret rullar koronavaksinane utover landet, slik er vaksineringsplanen her i Austrheim:

Har testa 1045 - ingen nye med smitte. Status 11.12.20

Ingen nye smitta i statistikken for Austrheim dei siste dagane. Les meir om status per 11. desember her:

Opphever lokal forskrift - nasjonale tiltak gjeld. Status 7.12.20

Frå måndag føremiddag, 7. desember, er det dei nasjonale Korona-tiltaka som gjeld også i Austrheim. Les meir her

Tre nye smitta - avgrensa smitteomfang. Status 4.12.20

Med ein ny Korona-smitta i dag har det komme tre nye smitta i statistikken for Austrheim dei siste dagane. Les meir om status per 4. desember her:

Ingen ny smitte - status 27.11.2020

Per fredag morgon er det tatt 973 Korona-testar så langt i år. Ingen testar tatt denne veka har gitt utslag på Korona. Les meir om status per 27. november her:

Forlengar Korona-tiltak - opnar for besøk i heimane - status 24.11.2020

Kommunestyret i Austrheim har i dag tysdag 24. november vedteke ei forskrift som forlengar dei smitteverntiltaka som har vore gjeldande dei siste to vekene. Les meir her om vedtaket i kommunestyret 24. november

To med Korona-smitte siste ti dagar, status 20.11.20:

Dei siste ti dagane er det to personar som har testa positivt for Korona, slik at det sidan mars er 14 innbyggjarar i Austrheim som har testa positivt på dette viruset. Dei to som er smitta er sette i isolasjon, og nærkontaktar er i karantene. Les meir her om status per fredag 20. november:

Austrheim innfører tiltak tilsvarande Bergensregionen, status 6.11.2020

Kommunen følgjer frå fredag 6. november dei Korona-tiltaka som er innførte av Bergen kommune, og kommunane rundt. Austrheim reknar seg som ein del av bu- og arbeidsmarknadsregionen rundt Bergen, og det er naturleg å ha same tiltak mot Korona. Her er det som gjeld frå og med måndag 9. november:

Austrheim følgjer nasjonale råd, og med tillegg likt nabokommunane, status 29.10.2020

Her kan du oppdatera deg på nasjonale og lokale råd og krav. Les meir her om status per torsdag 29.10.20:

Fleire i isolasjon, men ikkje lokalt utbrot, status 23.10.20

Det er personar i Austrheim med Korona-smitte, men desse er ikkje smitta lokalt. Les meir her om status per fredag 23.10.20:

Ein med Korona-smitte, men ikkje lokalt utbrot, status 16.10.20

Ein person registrert med Korona-smitte i Austrheim, per fredag 16.10.20. Det betyr at det er 12 personar som er registrert smitta med Korona i Austrheim per i dag, etter at rundt 700 er testa. Les meir her:

Ikkje fleire med Korona-smitte sist veke, status 2.10.20

Etter 23. september er det ikkje stadfesta fleire med Korona-smitte i Austrheim. Det betyr at det framleis er 11 personar som er registrert smitta med Korona i Austrheim per i dag, etter at rundt 650 er testa. Les meir her:

Lettar på smitteverntiltaka i Austrheim, status 30.09.20

Kommunal kriseleiing (KKL) vedtok 30. september å letta noko på smitteverntiltaka, etter at smittetala har gått ned. Les meir her:

Elleve registrert med Korona-smitte i Austrheim, status 25.09.20

Status for Korona-smitte i Austrheim, per fredag 25.09.20.

Ti registrert med Korona-smitte i Austrheim, status 21.09.20

Per måndag 21. september er det registrert ti med Korona-smitte i Austrheim. Les meir her.

Åtte registrert med Korona-smitte i Austrheim, status 18.09.20

Per fredag 18. september var det registrert åtte med Korona-smitte i Austrheim. Les meir her.

Fire registrert med Korona-smitte i Austrheim, status 15.09.20

Per 15. september var det registrert fire med Korona-smitte i Austrheim. Les meir her.

Korona-smitte registrert i Austrheim, status 10.09.20

10. september var det for første gong registrert Korona-smitte i Austrheim. Les meir her.

Kor mange er smitta i Austrheim?

Folkehelseinstituttet (FHI) brukar eit eige meldingssystem for smittsame sjukdommar, som heiter MSIS. Avisa VG hentar data direkte frå MSIS, slik at avisa har oppdaterte tal om smitte straks dette er registrert i systemet. Du kan kikka på VG sine smittetal for Austrheim her (ekstern lenke).

Ring legen om du mistenker smitte, ikkje oppsøk legekontoret

Alle som trur dei kan vera smitta skal ringa Austrheim legekontor på eigen Korona-telefon med nummer 966 25 339, kvardagar mellom 08.00 og 15.00, eller utanom opningstid Nordhordland Legevakt på 116 117. På telefon skal ein avklara om det skal testast for Korona-smitte, noko som eventuelt skal skje i heimen eller andre stader utanfor legekontoret. 

Folkehelseinstituttet har oppretta ein eigen Informasjonstelefon om koronavirus, der ein kan ringa 815 55 015 dersom ein har generelle spørsmål om sjukdommen og smitte.

Ved mistanke om smitte skal ein altså kontakta Austrheim legekontor på eigen Korona-telefon med nummer 966 25 339, kvardagar mellom 08.00 og 15.00, eller utanom opningstid Nordhordland Legevakt på 116 117.

Testing av Korona skjer ved legekontoret

For dei som skal testast for Korona/Covid-19, så skjer dette ved legekontoret på Austrheim kommunehus. Tid for testing skal avtalast på førehand.

Dei som skal testast vert teke inn på baksida av kommunehuset, der parkeringsplassen er reservert for teste-køen. Du skal sjølvsagt ikkje gå inn den vanlege inngangsdøra til legekontoret om du skal testast for Korona/Covid-19.

For testing kan du kontakta legekontoret på eigen Korona-telefon med nummer 966 25 339, kvardagar mellom 08.00 og 15.00.

Retningslinjer for besøk på Nordliheimen

På grunn av situasjonen med Korona-smitte i kommunen, er det frå 18. september innført nye reglar for besøk på Nordliheimen. Desse finn du her.

Symjebassenget stengt, ikkje utlån av kommunale bygg

Symjebassenget på Kaland vert tidlegast opna for sesongen den 1. oktober. Skulebygg er ikkje opna for bruk til anna enn undervisning, og kan tidlegast lånast ut til anna bruk den 15. september.

Men er det eigentleg plass til alle på festen?

Det er mogleg å ha private samankomstar både i hus, hage og leigde lokale, men det er framleis ikkje fritt fram for å invitera heile slekta eller nabolaget. Les meir her:

Covid-19 og turistar til Austrheim

Det er framleis slik at Utanriksdepartementet rår frå alle utanlandsreiser som ikkje er strengt naudsynte, eit reiseråd som i utgangspunktet gjeld til 20. august 2020. 15. juni vart det gjort unntak for nordiske land som dokumenterer lågt smittepress, og dette vert frå 15. juli utvida til også å gjelda land i EØS og Schengen.

Når det er lov å reisa frå Norge til desse landa betyr det samstundes at det er lov å reisa frå desse landa til Norge, slik at reiser til/frå andre land med lågt smittepress kan ta seg opp. Tilreisande frå land med lågt smittepress har i utgangspunktet ikkje karanteneplikt.

Auka reiseaktivitet til og frå Norge, og også mellom regionar i Norge der smittepresset varierer, kan gjera at smittepresset aukar her i Austrheim. Helsedirektoratet oppmodar alle til å halda seg informerte om: 

- generelle smittevernråd - plakat norsk og engelsk 
- kva du gjer om du får luftvegssymptom, og korleis kan du få testa deg - plakat norsk og engelsk
- reglane for innreisekarantene, og for isolasjon (ekstern lenke)

Med enkle førehandsreglar kan me halda smittepresset nede, og unngå tilfelle av Covid-19/Korona i våre familiar og lokalsamfunnet. 

Stopp smitten: 
- hald minst 1 meter avstand
- vask hender ofte og grundig
- hald deg isolert dersom du er sjuk

Test deg om du er sjuk:
- dersom du får symptom som feber, hoste, tung pust, tap av smak- eller luktesans, sår hals, eller generell sjukdomskjensle skal du ringa lokalt legekontor på 56 16 82 00 (i opningstida), eller legevakt på 116 117 for testing. Undersøking og testing for Covid-19/Korona er gratis for alle.

Karantenereglar:
- Mange må i karantene når dei reiser inn i Norge. Gjeld dette deg?
Oversikta finn du på helsenorge.no/coronavirus (ekstern side)

Dette er reglane for besøk på Nordliheimen, per 30. juni

- Kan ha besøk 2 gonger pr veke

- Kun 1 besøkande pr gang (husstandsmedlemmer reknast som 1 besøkande)

- Må ringe og avtale tidspunkt

- Besøkande må vere friske, fri for luftvegssymptom

- Må utføre håndhygiene ved ankomst (innandørs og utandørs besøk)

- Må gå direkte til rommet/besøksrommet

- Må holde minst 1 m avstand til bebuare, ansatte og den dei besøkjer

- Besøkande kan trille rullestol utandørs

- Max 2 bebuarar kan få besøk samtidig (evt. fleire ved utandørsbesøk)

- Må loggføre besøk

- Følge oppdaterte retningslinjer frå FHI

Vi treng helsepersonell

Har du helsefagleg kompetanse, men jobbar med andre oppgåver til dagleg?

Då vil vi gjerne høyre frå deg:

Klikk her for å fylle ut registreringsskjema

Vi kontaktar og gjer avtale med aktuelle personar. Har du spørsmål kan du sende e-post til personal@austrheim.kommune.no

Har du skule- eller barnehagefagleg bakgrunn?

I samband med utbrotet av Koronavirus (Covid-19) ønskjer Austrheim kommune å rekruttere personar med skule - og barnehagefagleg kompetanse, som ikkje allereie jobbar i denne sektoren, til mellombels oppdrag. 

Har du utdanning eller erfaring frå skule eller barnehage, og kan bidra er vi glade om du registrerer deg. 

Skjema for registrering av skule- og barnehagefagleg bakgrunn

Barnehagane opnar att måndag 20. april 

Det er bestemt at barnehagane skal opnast att frå måndag 20. april. 15. april publiserte Utdanningsdirektoratet rettleiaren sin for smittevern i barnehagar, som også vil gjelda her i Austrheim når barnehagane opnar att.

Opningstida var redusert i starten etter opninga, men er no tilbake til det vanlege.

Foreldrebetaling i barnehagane etter opning 20. april

Barnehagane og SFO har no opna opp att. Når det gjeld brukarbetaling gjeld ordinære reglar, uavhengig av antal timar tilbodet omfattar. Om du hadde full plass før Korona, så betaler du for full plass, sjølv om opningstida no er redusert til 08.00 til 15.30. Denne opningstida er sett inntil vidare, av smittevernhensyn. Dette vert endra når kommunen ser at ein kan ha lengre opning og samstundes oppretthalda smittevernet.

Foreldre/føresette som held barna heime utan helseårsaker, må betale eller seia frå seg plassen. Foreldre kan søka om moderasjon i foreldrebetalinga i barnehage og SFO på ordinær måte.

Når det gjeld oppseiingstid av plass i barnehage og SFO, er det normalt 3 månader. Vi gjer no unnatak frå regelen og dersom ein seier frå seg plassen etter 1. april, vil vi inntil vidare ha ein månad oppseiingstid.

Bjørnar Fjellhaug - kommunalsjef oppvekst og kultur

Skulane (1. til 4. trinn) opnar att måndag 27. april

Det er bestemt at barnehagane skal opnast att frå måndag 27. april. 20. april publiserte Utdanningsdirektoratet rettleiaren sin for smittevern i skular, som også vil gjelda her i Austrheim når skulane opnar att.

Rettleiaren er tilgjengeleg på direktoratet sine nettsider og de kan lese alle tilrådingar og tiltak der.

Her finn du brevet frå kommunalsjef oppvekst og kultur, Bjørnar Fjellhaug.

Har opna igjen for overnatting i bubil/camping/båtar, og det er lov å opna camping-/bubil-/gjestehamnplassar. Sanitæranlegg er delvis stengde

Sidan før påske var det etter eigne vedtak i Kommunal kriseleiing (KKL), deretter i formannskap og kommunestyre, vore forbode med overnatting i campingvogner, fritidsbåtar og bubilar i Austrheim. Forbodet galdt dei som ikkje har folkeregistrert adresse i kommunen, og var ein parallell til det nasjonale hytteforbodet.

No som det nasjonale hytteforbodet ikkje gjeld lengre (frå måndag 20. april), har også Austrheim sitt forbod gått ut. I tillegg gjeld heller ikkje forskrifta om stenging av campingplassar, bubilcamping og gjestehamner, denne er oppheva etter vedtak i KKL den 20. april. 

Samstundes som dei lokale restriksjonane er oppheva, så gjeld framleis det statlege tilrådinga om fritidsreiser: 

  • Selv om det etter denne datoen ikke blir straffbart å overnatte på hytta, gjelder fortsatt rådet om å unngå unødvendige fritidsreiser. Dette rådet gjelder inntil videre. (Helsedirektoratet.no)

Det som framleis gjeld for camping og bubilparkering, er at sanitæranlegga skal haldast delvis stengde. Det er lov å ha toalett/handvask ope, men ikkje andre fellesareal. Dette på grunn av at det ville krevja omfattande smitteverntiltak om fellesareal som dusjar og kjøkken skulle kunna haldast ope på ein trygg måte.

Dette er etter vedtak i kommunestyret 14. mai, og forskrifta ser slik ut:

 

Dette er tidlegare vedtak som no er oppheva:

· Austrheim kommune vedtar at det er forbode med overnatting i fritidsbustader, campingvogner, fritidsbåtar og bubilar i Austrheim for dei som ikkje har folkeregistrert adresse i kommunen. Forbodet gjeld ikkje personar som nyttar dette til pendlarbustad i samband med yrkes- og arbeidsutføring.

Vedtaket var gjort i formannskapet 3. april, stadfesta av kommunestyret i møte 8. april. Vedtaket repetert i KKL (Kommunal kriseleiing) den 14. april, stadfesta av kommunestyret i møte 16. april. Kommunestyret sa den 16. april at vedtaket skal gjelda til 20. april, altså med lik varigheit som det nasjonale "hytteforbodet". Vedtaket er heimla i Smittevernlova § 4-1D.

Dette er forskrifta (klikk her for å lesa) som ikkje gjeld lengre no, etter vedtak i Kommunal kriseleiing måndag 20. april: 

· Austrheim kommune vedtar forskrift om stenging av campingplassar, bubilcamping og gjestehamner, i samband med Covid-19.
· Forskrifta trer i kraft straks, og gjeld inntil vidare. Forskrifta vert oppheva når tiltaka ikkje lenger er naudsynt, jf. smittevernlova § 4-1, 5. ledd.

Er du bekymra for eit barn? Barnevernet har alltid ope!

Karantene, isolasjon og manglande dagtilbod kan gjere at nokon familiar og barn treng ekstra merksemd. Vi er alle sårbare i ein slik situasjon og for nokon blir denne perioden ekstra vanskeleg.

Er du bekymra for om ein familie treng ekstra hjelp? Vi er i beredskap heile døgnet!

Ta kontakt med barnevernstenesta i Austrheim på tlf. 56 16 20 00 (08.00-15.30). Ettermiddag, kveld og helg, ring barnevernvakten på tlf. 55 36 11 80 / eller politiet på 02800. Du kan også sende epost til post@austrheim.kommune.no

Kjenner du sakshandsamar, kan du ta direkte kontakt med vedkomande. Sjå elles heimesida vår for oppdatert informasjon.

For barn og ungdom: Har du det vanskeleg heime, eller bekymra for korleis andre har det? Meld frå til barneverntenesta, eller alarmtelefonen for barn og unge telefon 116 111.

Tilbodet frå helsestasjon og skulehelseteneste

Kjære alle brukarar av helsestasjonen og skulehelsetenesta. For å begrense smittespreiing under koronautbrotet reduserer helsestasjonen og skulehelsetenesta drifta ei tid framover.

Helsestasjonen:

Helsestasjonen skal vera ein trygg plass å komma til. Det er fokus på hygiene og ein kjem å halda avstand der det er mogleg. Ved eventuelt endring i timeavtalar vert kvar og ein kontakta.

• Ingen sjuke uansett orsak  skal komma til helsestasjonen

• Ingen i karantene pga koronavirus skal komma

• Ingen søsken skal  vera med

• Dersom mogleg skal berre ein vaksen fylgje barnet

• Ta med eigen leike, alle leikane her er fjerna.

Skulehelsetenesta:

Ring eller send SMS om du ynskjer kontakt med helsesjukepleiar på skulen.

Kvardagen er no annleis for dei fleste av oss. No gjeld det å ta vare på seg sjølv og andre. Helsesjukepleiar er tilgjengeleg på telefon og. Ta gjerne kontakt om det er spørsmål eller behov for råd eller samtale. Dette gjeld både foreldre, småborn, skuleborn og ungdom.

Alarmtelefonen for born og unge: 116 111

Mental helse sin hjelpetelefon: 116 123

Helsing helsesjukepleiarane i Austrheim:

Gudny Sognnes, mob: 414 77 713

Ragnhild Syslak, mob: 945 06 746

Kjersti Torstensen, mob: 408 02 756

Treng du hjelp til handling?

Må du halde deg heime på grunn av koronaviruset og treng hjelp til varehandel og levering?

Frivilligsentralane i Austrheim og Alver, saman med Nordhordland Røde Kors og lokale sanitetsforeiningar, går no saman og er klare til å bistå. I Austrheim er dette eit samarbeid mellom Frivilligsentralen, Lindåsneset saniteslag, Årås sanitetsforening og heimesjukepleien.

Dette kan vi hjelpe deg med:

Vi hjelper deg med daglegvarer, apotekvarer og andre naudsynte leveringar. Ikkje ta kontakt om du har andre personar som kan hjelpe deg med desse oppgåvene.

Du kan ta kontakt med oss på e-post: post@austrheim.kommune.no eller telefon 56 16 20 00. 

Når du tek kontakt på e-post, pass på at du får med namn, adresse, telefonnummer og kva du treng hjelp til. 

Hjartetelefon for barn og ungdom i Austrheimskulen

Skulane er no stengde, i første omgang fram til 13. april. Dette gjer at kvardagen er annleis enn den er vanlegvis, og vi veit at kvardagen kan vere vanskeleg og krevjande for mange.  

Det er slik at ein ikkje kan vere saman med dei ein vanlegvis er saman med, skulekvardagen er annleis, og ein har ikkje det vanlege sosiale nettverket. Vi veit at kvardagen kan vere krevjande og for nokre vanskeleg, og dei trygge vaksne som ein vanlegvis pratar med, er ikkje der på same måte.

Vi ynskjer å vere tilgjengeleg for deg som elev, som kanskje treng nokon å prate med i denne vanskelege og annleis tida vi er i.

Skulane har sendt ut informasjon gjennom det digitale systemet om at det er kontaktpersonar ved Kaland og Årås skular som elevane kan ringje til, om dei ynskjer nokon å prate med, no når skulane er stengde.

Vi ynskjer å vere her for deg, og vi skal også vere tilgjengeleg og følgje opp.

Elevar ved Årås kan ringje: (i tidsrommet 08.30 til 14.30 på vekedagar)
Elevar på 1. - 7. trinn kan ringje Gunn Håland Dyrkolbotn, tlf. 456 32 008
Elevar på 8. - 10. trinn kan ringje Tone Hatlem, tlf. 922 83 201

Elevar ved Kaland kan ringje: (i tidsrommet 08.30 til 14.30 på vekedagar)
Elevar på 1. - 7. trinn, Helga Styve Hellestveit tlf. 916 84 436
Elevar på 8. - 10. trinn, Evelyn Monslaup tlf. 478 22 966

Ta kontakt anten med dei som er nemnde her, eller kontaktlæraren din om du treng nokon å prate med. Vi er her for deg!

Ta vare på kvarandre, hald hovudet kaldt og hjarta varmt!

Bjørnar Fjellhaug - kommunalsjef oppvekst og kultur

Eksamen avlyst for 10. klasse

Alle eksamensprøvar for 10. trinn 2020 er avlyste på grunn av situasjonen kring Korona/Covid-19. For elevar i den vidaregåande skulen er alle skriftlege eksamensprøvar avlyste denne våren. Les meir hjå Utdanningsdirektoratet, på www.udir.no.

Startlån, treng du utsetting?

Austrheim kommune har lånt ut ein del midlar som startlån, anten som fullfinansiering av bustad eller etter tidlegare reglar også som toppfinansiering i tillegg til lån i privat bank. Dersom du har fått endra arbeidssituasjonen din i samband med den pågåande situasjonen kring Korona/Covid-19, er det mogleg å få avdragsutsetting på startlånet. Dette betyr at du for ein periode betaler berre renter og gebyr, og ikkje avdrag.

Du må eventuelt søka om slik utsetting, send søknad på e-post til post@austrheim.kommune.no

Å utsetja å betala på lånet er ikkje gratis, sidan hovudsummen du betaler renter på ikkje vert redusert så lenge du ikkje betaler avdrag. Så helst bør du klara å betala avdrag og renter som no.

NAV - Informasjon til arbeidsgjevarar og arbeidstakarar

Nav i Nordhordland har samla viktig informasjon til arbeidsgjevarar og arbeidstakarar. Her finn du mellom anna informasjon om permitteringar/ oppseiingar. 

Du finn informasjonen på ei samleside hjå Nordhordland Næringslag:

Og her er ein informasjonsfilm til hjelp for arbeidsgjevarar som skal permittera

Nav Austrheim stengt for publikumskontakt

Publikumsmottaket til Nav er stengt inntil vidare, som eit førebyggande tiltak mot smitte av Korona/Covid-19. 

Ved søknader om krisehjelp, så er det oppretta ein eigen vakttelefon for Nav Fensfjorden. Nummeret er 413 97 364, der kan du ringa mellom klokka 08.30 og 14.30 på kvardagar. Kontakt med Nav elles skjer på telefon 55 55 33 33, eller via nav.no.

Sjå også: 
Nav Austrheim er stengt - her finn du informasjon

Her finn du nasjonal informasjon på nav.no i samband med korona-viruset.

På sida det er linka til over, finn du informasjon om:
- Sjukepengar i samband med korona-viruset
- Rett til omsorgspengar når skule og barnehage er stengde
- Permitteringar som følgje av korona-viruset
- Akuttolk for døve, døvblinde og hørselshemmede

Stenger Servicekontoret for publikumskontakt

Som eit ledd i arbeidet med å førebygga og redusera smitteomfanget av Korona/Covid-19, vert Servicekontoret stengt for publikum frå og med måndag 16. mars.

Dette betyr at dersom du har eit ærend på kommunen må du ringa først, 56162000, og så vert det vurdert om me kan hjelpa deg på telefon. Om svaret er at du kan komma på kommunehuset, så kjem du til låst dør, og vert sleppt inn etter avtale.

Frå måndag 30. mars er opningstida på telefon fastsett til 09.00 til 15.00. 

Nav Fensfjorden har allereie stengt sine kontor for all publikumskontakt.
Ved søknader om krisehjelp, så er det oppretta ein eigen vakttelefon for Nav Fensfjorden. Nummeret er 413 97 364, der kan du ringa mellom klokka 08.30 og 14.30 på kvardagar. Sjå også: Nav Austrheim er stengt - her finn du informasjon

Tiltaka skal hindra at det kjem smitte inn på kommunehuset, for i neste omgang gå vidare til leiinga av helse og anna, personar som er viktige for å styra kommunen sitt arbeid mot Korona/Covid-19.

Legekontoret vil framleis vera ope. Dei har tatt ned sin aktivitet så langt det let seg gjera, og har lagt til rette med handsprit, større avstand mellom ventande, med meir, for å unngå smittespreiing. Me kan ikkje få sagt for ofte kor viktig det er at du ikkje oppsøker legekontoret dersom du har mistanke om smitte, men ringer først.

Ved mistanke om smitte skal ein altså kontakta Austrheim legekontor på 56168200, eller utanom opningstid Nordhordland Legevakt på 116 117.

Gjeldande råd for testing av Covid-19 (oppdatert 13. mars)

Smittevernarbeidet i kommunen baserer seg på føringar gitt nasjonalt, og det endrar seg etter kvart som sjukdomsspreiinga vert utvida. 

- Dei som er i heimekarantene skal ikkje testast for Korona/Covid-19. Desse skal heller ikkje kontakta helsevesenet, med mindre dei har konkrete behov for helsehjelp. Testing er no kun for visse pasientgrupper og helsepersonell som har luftvegssymptom.

- Dei som skal testast for Korona/Covid-19 er dei som er omfatta av følgjande:
* Pasientar med innsettande luftvegsinfeksjon med behov for innlegging på sjukehus.
* Pasientar med akutt luftvegsinfeksjon som er lagt inn, for alle helseinstitusjonar.
* Tilsette i helsetenesta med pasientnært arbeid som får akutt innsettande luftvegsinfeksjon. 
* Person med akutt luftvegsinfeksjon som har vore i nærkontakt med eit stadfesta tilfelle av Covid-19. Kva som vert rekna som nærkontakt vert avgjort av lokal helse-eining.
* Særleg sårbare grupper kan vurderast for testing sjølv ved milde symptom.

Eg mistenker smitte, skal eg testast?

Eit mistenkt tilfelle av Korona/Covid-19 skal per i dag (13. mars) slå inn på desse kriteria: Pasientar med akutt lkuftvegsinfeksjon med minst eitt av følgjande symptom: Hoste, kort pust, feber, og som i løpet av dei siste 14 dagar før symptomdebut, oppfyller minst eitt av følgjande kriterie: 

- Har vore i eit område med utbredt spreiing av Korona/Covid-19.
- Har vore i nærkontakt med eit stadfesta tilfelle av Korona/Covid-19.
- Har pleia/behandla ein pasient, handtert prøvemateriale frå, eller på annan måte hatt tilsvarande nærkontakt med ein person som er stadfesta sjuk med Korona/Covid-19, uavhengig om det er brukt verneutstyr.
- Har vore på reise utanom Sverige og Finland, er tilsett i helsetenesta med pasientnært arbeid (inkludert studentar).
- Har vore på reise utanom Sverige og Finland, og er innlagt på helseinstitusjon.

Pålegg om heimekarantene

- Helsedirektoratet har gitt pålegg om at alle som har vore på reise utanfor Sverige og Finland, i perioden etter torsdag 27. februar, er i heimekarantene i 14 dagar etter heimkomst. (Då pålegget kom den 12. mars omfatta det også andre medlemmer i husstanden, men dette gjekk Helsedirektoratet vekk frå den 13. mars).

Heimekarantene/isolering heime gjeld også dersom: 
- Du har mistanke om at du kan vera smitta.
- Det er stadfesta at du er smitta.
- Du er stadfesta sjuk av Covid-19/Korona, men det er ikkje naudsynt med innlegging på sjukehus
- Du har hatt nær kontakt med ein som er stadfesta smitta, eller du bur saman med ein som er stadfesta smitta (nærkontakt).

Så lenge du er i heimekarantene, er det særleg viktig at du er årvaken på utvikling av symptom, som hoste, halsbetennelse, kortpust eller feber. Dersom du er nærkontakt til ein person med påvist Korona/Covid-19 og får symptom, skal du kontakta lege.

Kva er heimekarantene?

Heimekarantene er å vera heime, og ikkje ha kontakt med andre enn dei du bur saman med. Heimekarantene omfattar å:
- Ikkje gå på jobb eller skule (skular er stengde, men ha sjølvsagt kontakt med arbeidsgjevar).
- Unngå reiser
- Ikkje ta offentleg transport.
- Unngå andre stader der du kjem tett på andre.
- Unngå nærkontakt med andre.

Les meir i "Forskrift om karantene, isolasjon og forbud mot opphold på fritidseiendommer mv. i anledning utbrudd av Covid-19"

Kva er heimeisolasjon?

Å vera isolert heime betyr at du er isolert i eigen bustad, og heller ikkje skal ha tett kontakt med dei du bur saman med. Dette gjeld alle med mistanke eller stadfesta sjukddom med Korona/Covid-19 heilt til friskmelding av lege. 

Kommunen har sikra seg kapasitet som står klar dersom det etter kvart vert behov for å isolera innbyggjarar andre plassar enn i eigen heim.

Les meir i "Forskrift om karantene, isolasjon og forbud mot opphold på fritidseiendommer mv. i anledning utbrudd av Covid-19"

Kan du hjelpa til med utkjøring av mat?

Austrheim kommune treng no hjelp av frivillige til middagskøyring til heimebuande eldre i kommunen vår.

Middag vert køyrd ut kvar dag frå kl. 13.30 (7 dagar i veka). Dette tek ca. 2 timar. Ruta kan eventuelt delast på to.

Har du høve til å hjelpa? Ta kontakt med Frivilligsentralen v/ Rigmor Ludvigsen, telefon 456 35 324

Stengt for besøk på Nordliheimen

For å unngå smittespreiing, er det frå måndag 16. mars stengt for besøk på Nordliheimen. Dette er i tråd med Helsedirektoratet sine føringar om "Adgangskontroll og besøksstans i landets helseinstitusjoner", sendt ut laurdag 14. mars.

Omsorgstilbod til born i barnehage og skule

Skular og barnehagar er stengde frå og med fredag 13.03.2020 og i første omgang til etter påske 13. april. 

Kommunen skal ha eit omsorgstilbod for barnehageborn og elevar frå 1.-4. steg med foreldre/føresette som arbeidar med kritiske samfunnsfunksjonar. Det er også eit tilbod for born og elevar med særlege omsorgsbehov. 

Dette vil gjelda i den perioden barnehagane og skulane er stengt. 

Helsedirektoratet gjev føringar for at styrarar av barnehagar og rektorar ved barneskular må sørgje for eit tilbod til born av foreldre/føresette som arbeidar i helse- og omsorgstenesta, transportsektoren eller innan andre kritiske samfunnsfunksjonar. Desse er lista på helsedirektoratet sine heimesider og vil også verte lagt ut på heimesida til Austrheim kommune. Føremålet er å kunne oppretthalde verksemda i helse- og omsorgstenester og andre kritiske samfunnsfunksjonar og unngå at personar i risikogrupper vert nytta til barnevakt. 

Retten til eit omsorgstilbod vert handtert av den einskilde barnehage og skule. Tilbodet gjeld frå og med fredag 13.mars. 

Rett til plass i omsorgstilbod

Foreldre/føresette som kvalifiserer for eit omsorgstilbod grunna arbeidet sitt med samfunnskritiske funksjonar, må levere ei stadfesting med dokumentasjon frå arbeidsgjevar. Dokumentasjonen må leverast skule/barnehage måndag 16. mars. Retten gjeld foreldre/føresette der begge har eit arbeid som har ei samfunnskritisk funksjon eller der ein eineforsørgjar har eit slikt arbeid.

Om omsorgstilbodet

Barnehage:

Omsorgstilbodet skal gå føre seg innanfor barnehagen si ordinære opningstid. 

Skule:

Omsorgstilbodet for småsteget (1.-4.steg) skal gå føre seg innanfor skule og SFO si ordinære opningstid. Det tyder at elevar som ikkje har plass på SFO, ikkje får plass i omsorgstilbodet i SFO si opningstid. Eleven får same opplæringstilbod som elevane heime. 

Barn med særskilde omsorgsbehov

Det er i første omgang føresette som må vurdere bruk av tilbodet opp mot bornet og eleven sitt omsorgsbehov. 

Barnehage og skule:

Barnehagar og skular med born og elevar som treng ekstra hjelpetiltak og tilsyn, skal tilby omsorgstilbod for desse borna. Dette gjeld multifunksjonshemma born og born med andre særskilte utfordringar. 

For skule gjeld særskilt:

- Elevar som nyttar SFO/tilsynsordning på ungdomssteget

- 5.-7. stegs elevar som har plass i SFO

- Elevar på 1.-4.steg som vil kvalifisera til SFO-plass frå 5.steg

Du må melda frå til rektor eller styrar ved skulane eller barnehagane dersom de har behov for tilsyn. 

De kan også følgja med på facebooksida og heimesida vår for meir og oppdatert informasjon. 

Austrheim, 13.03.2020

Med helsing 
Bjørnar Fjellhaug
kommunalsjef oppvekst og kultur

Stenging av skular og barnehagar frå fredag 13. mars

Austrheim kommune har med heimel i Smittevernlova paragraf 4-1 bestemt å stenga skular og barnehagar. Stenginga er eit førebyggande tiltak for å redusera faren for Korona-smitte.
Kommunen hadde som utgangspunkt stenging frå måndag 16. mars, men i etterkant av denne avgjerda kom Regjeringa med eit strengare vedtak, som seier at skulane og barnehagane er stengde frå og med fredag 13. mars. 

I samråd med kommunalsjef for kultur og oppvekst vert det lagt opp til at born kan komma i barnehagen og på skulen fredag 13. mars for å henta bøker og anna. Det er også mogleg å ha borna i barnehage og på skulen heile denne dagen, om det ikkje er mogleg for foreldra å organisera noko anna for denne fredagen. For skule og barnehage vidare er kommunen pålagt å organisera eit tilbod for born der foreldra jobbar innanfor det som er definert som "kritiske samfunnsfunksjonar". Det vil kommunen komma tilbake til.

Frå torsdag 12. mars stenger også kulturskulen, alle idrettsanlegg i kommunen, også symjebassenget. Stengt er også biblioteket og ungdomsklubben, for all aktivitet både på dag- og kveldstid.

Barnekor i regi av kulturskulen tar pause i øvingar framover.

Legekontoret vil ha redusert kapasitet, og ein må rekna med at timar vert utsette.

Kommunen oppfordrar lag og organisasjonar til å redusera sin aktivitet, for å unngå spreiing av smitte. Helsedirektoratet har lagt strenge føringar på kva som er tillete.

Kommunen vil også opplysa om at besøk til sårbare grupper, på sjukeheimen og andre stader, vil verta avgrensa.

Har du spørsmål? Send ein e-post til post@austrheim.kommune.no

Ingen betaling i barnehage og SFO under Korona-stenginga

Skular, barnehagar, SFO og kulturskule blei stengt frå torsdag 12. mars klokka 18.00, som eit tiltak for å førebyggja og hindra smitte av Korona-viruset. Kommuneleiinga har avgjort at det ikkje vert tatt betaling for desse tilboda så lenge tenesta er stengt. 

Det vert heller ikkje tatt inn brukarbetaling for dei som skulle hatt eit tilbod i kulturskulen. Føresette vil i april motta ein faktura som er tilpassa dei dagane SFO, barnehagane og kulturskulen har vore open etter 12. mars.

Ein skal betala den fakturaen som gjeld mars, og vil altså få det godtgjort frå seinare. Om barnehagen er stengt 12. mars til 13. april, som det er sagt per no, vert det ikkje sendt ut rekning i april månad.

Barnehage og skule har ope eit tilbod for born med foreldre som har jobbar som er så viktige for samfunnet at kommunen er pålagt å tilby tilsyn. Kommunen ser på dette som ein del av dugnadsinnsatsen frå kommunen for å bidra i denne vanskelege tida, og tek heller ikkje betalt for dei borna som har eit tilbod om tilsyn i denne perioden.

Barnehagane er opne - leikeområda er stengt for andre

Ein del foreldre med jobbar som er kritiske for samfunnet, har fått plass til sine born i barnehagane. Det betyr at uteområda for barnehagane ikkje kan brukast av andre i opningstida, 07.30 til 16.30.

Barnehagane takkar for at folk respekterer dette. 

Hytteeigarar i Austrheim - flyttemelding

Den 19. mars 2020 vart den forskrifta iverksett, som forbyr å overnatta på fritidseigedom i ein annan kommune enn der folk bur og er folkeregistrerte.

I forskrifta heiter det i § 5: «Forbud mot opphold på fritidseiendom i annen kommune enn hjemstedskommunen:

Personer forbys å overnatte på fritidseiendom i annen kommune enn der vedkommende er folkeregistrert. Strengt nødvendig vedlikehold eller tilsyn som er nødvendig for å avverge store materielle skader tillates.

Personer som er i karantene etter § 2 fordi de deler husstand med en som er bekreftet smittet av SARS CoV-2-virus, kan likevel overnatte i fritidseiendom i annen kommune i perioden den smittede er i isolasjon etter § 4 i forskriften.»

- Det er ikkje tilstrekkeleg å melda flytting til Folkeregisteret for å kunna bu på hytta i Austrheim kommune. Eigar må i tillegg ha eit vedtak om dispensasjon frå reguleringsplan, om hytta er i eit regulert hytteområde, men og søkja om bruksendring til Austrheim kommune. Dispensasjonshandsaminga tek gjerne om lag 12 veker, og gebyret er på kr. 14.600. Søknad må grunngjevast og nabovarslast.

- Dei som eig fritidseigedomar i uregulerte område eller i regulerte bustadområde må melda flytting til Folkeregisteret, men og søkja om bruksendring og få løyve til det før dei kan overnatta her fast.

- Bustadstandard, men og standard på avløp, vatn og vegtilkomst med meir, vil vera avgjerande for om det vil verta gjeve bruksløyve eller ikkje. Svaret på søknad om bruksløyve vert gjeve innan tre veker.

Asbjørn Nagell Toft - avdelingsleiar

Endringar for avvikling av politiske møte

Kommunal kriseleiing vurderte 11. mars den planlagde møteaktiviteten framover, med tanke på den pågåande smittesituasjonen for Korona. Dette er gjort av endringar per no:

Formannskapet torsdag 19. mars er flytta frå kommunehuset, og til kafeen på samfunnshuset, for å få meir plass mellom deltakarane.

Kommunal kriseleiing har vidare konkludert med at møte som kan utsetjast, vert utsette. Dette gjeld Eldrerådet torsdag 12. mars, og Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 25. mars. Medlemmene i desse to råda har fått melding om at møta er utsette på ubestemt tid, og at det kjem ny innkalling når ny dato er sett.

Møtekalenderen er oppdatert med dei møter som er sett opp frå mars og framover:

Idrettsaktivitet i Korona-tid, bestemmingar gjeldande til 21. april

Kommuneoverlege/smittevernlege i Austrheim, Peter Kubon, har gjort ei vurdering av bruk av idrettsanlegg no under Korona-pandemien.

Denne vurderinga var i første omgang gjeldande til 14. april 2020, stadfesta av kommunestyret i deira møte 8. april, med nokre endringar i smittevernlegen sine avgrensingar for bruken av idrettsanlegga, som fotballbane og ballbingar.

Så har smittevernlegen gjort ei liknande vurdering for perioden 15. til 21. april, i samsvar med kommunestyret sine justeringar frå 8. april. Dette er stadfesta av kommunestyret i vedtak 16. april.

1) Dei generelle statleg fastsette reglane gjeld, om å halda minst to meter avstand til andre, og ikkje vera i grupper på over fem personar.

2) Skular og barnehagar er no stengde for å unngå kontakt mellom menneske, og oppfylla dei statlege reglane nemnde i punkt 1. Denne stenginga omfattar også idrettsanlegga i kommunen, som fotballbaner, basseng med garderobar, ballbingar, skuleplassar og gymsal/idrettshall. 

Som nemnt over har kommunestyret i sitt møte onsdag 8. april gjort ei oppmjuking av stenginga av idrettsanlegg, som fotballbaner og ballbingar. Dette inneber at desse anlegga ikkje er stengde for all bruk. Men ein må framleis etterleva dei generelle reglane om fem eller færre i kvar gruppe, og minst to meter mellom kvar utøvar. Ballspel må ein unngå. Sjå elles Norges Fotballforbund sine eigne reglar for fotballaktivitet som tar omsyn til smittevernet, mellom anna at ein ikkje skal duellera om ballen, ikkje ta på ballen, og ikkje heada ballen.

Grunngjevinga for smittevernlegens vurderingar er at: 

A) Aktiv utøving av ballspel eller annan idrett inneber sveitting, pusting med meir, der dette med å halda avstand er særleg viktig. Ein må unngå kontaktidrett og bruk av felles utstyr. Dette gjeld også der utstyr (som ball, frisbee) kan komma i kontakt med fleire under utøvinga av aktiviteten.

B) Med tanke på smittefare vil ballspel vera spesielt risikabelt, med tanke på at ein lett kjem nærare kvarandre enn to meter, og at ballen går mellom fleire. Ballspel må ein difor unngå.

C) Treningsaktivitet som er rekna som OK med omsyn til smittevern, og i tråd med nasjonale retningslinjer: Trening i grupper på fem eller færre friske personar, der ein har 2 meters avstand mellom kvar både før, under og etter økta.

Grunnlaget for desse tiltaka er den overordna smittevernvurderinga lokalt. Per no (3. april) er det ikkje påvist Covid-19 i Austrheim kommune, og målet er å vidareføre dette lengst mogleg, utan urimelege avgrensingar i samfunnslivet, inklusiv idretten.

I tidleg fase av sjukdommen kan ein vera smitteførande - altså før ein kjenner seg sjuk. Unge utan tilleggsrisiko får generelt lettare forløp enn eldre.

Dei tiltak som er innført, mellom anna om smittereduksjon mellom yngre, siktar også mot å unngå smitte av risikoutsette og eldre generelt. Desse tiltaka for idretten er ein del av den dugnaden ein no tek for å redusera smitten av Covid-19.

Kommunen har fokus på å sikra forsvarleg omsorgsteneste i institusjon og open omsorg.

Nordhordland interkommunale legevakt dekkar eit særs stort distrikt, og ein tilstrebar eit kvart tiltak som kan avgrensa belastninga på legevakttenesta.

Samstundes vert idretten oppfordra til å vera kreative i si tilpassing av aktivitetar innanfor dei generelle retningslinjene, og må gjerne melda til kommunen om tiltenkte tilrettelagde tiltak.

Det er viktig å oppretthalda dialogen med lag og organisasjonar, for best mogleg å sikra at ein tar smittevernomsyn i tida framover, både i tråd med statlege retningslinjer og lokale omsyn, og sett opp mot smittesituasjonen. 

Varte fram til 20. april: Forskrift om forbod mot opphald på fritidseigedom i annan kommune

Denne forskrifta gjeld ikkje lengre, den gjekk ut 20. april:

Regjeringa kom søndag 15. mars med framlegg til ei ny forskrift som mellom anna omfattar eit forbod mot å opphalda seg på fritidseigedom i ein annan kommune enn heimstadkommunen (der du er folkeregistrert). Denne forskrifta vart seinare gjort gjeldande for alle punkt, om både karantene, isolasjon og opphald på hytte/fritidseigedommar.

I forskrifta heiter det i § 5: 

"Personer som har fritidseiendom i annen kommune enn der vedkommende er folkeregistrert, forbys å ta opphold på denne. Strengt nødvendig vedlikehold eller tilsyn som er nødvendig for å avverge store materielle skader tillates." (Utdrag av paragrafen)

Bakgrunnen for denne forskrifta er at det mange stader i landet er tilstrøyming av folk til fritidseigedommar. Dette aukar smittespreiinga, i tillegg til at det potensielt kan belasta helsevesenet i hyttekommunen ut over det som helsetilbodet er dimensjonert for.

Råd om Korona/Covid-19:

Oppdaterte råd om Korona-virus

Gode råd om Korona-viruset


Sist oppdatert: 22.03.2023
Publisert: 14.03.2020