HeimNyheter11 med Korona-smitte

11 med Korona-smitte

Det er 11 personar som er smitta med Korona i Austrheim per i dag.
Det er ikkje mistanke om, eller registrert, smitte i skulane, barnehagane eller helseinstitusjonane våre.
Så langt er rundt 600 testa for Korona, her i Austrheim. Rundt 45 er, eller har vore, i karantene.

Ved stadfesta smitte er det nærkontakt til den smitta som skal i karantene, ikkje nærkontakt til nærkontakt.
Dette med nærkontakt og karantene vert vurdert på medisinskfagleg grunnlag. Du blir oppringt frå kommunen om du er nærkontakt.
Den som er nærkontakt, får ikkje opplyst kven det er som er smitta.

Det er sett opp eit telt på parkeringsplassen bak kommunehuset, der skal ein ta Korona-testar framover. Heile plassen er elles reservert for dette. Røde Kors bistår kommunen med organisering av testinga, dei som deltar derifrå har signert på teieplikt, som andre som jobbar med dette.

Om du trur du kan vera smitta, anten på grunn av symptom eller av nærkontakt med ein som er smitta, skal du ringa til legekontoret for å avtala prøvetaking.
Det er oppretta ein eigen Korona-telefon til legekontoret, med nummer 966 25 339, den kan du ringa kvardagar mellom 08.00 og 15.00.

Kommunen takkar alle tilsette, og innbyggjarar elles, for innsatsen med å halda smitten i sjakk. Om alle opprettheld smitteverntiltak, som avstand og reine hender med meir, skal dette utbrotet me opplever no gå over. Du kan lesa meir om smittevern på heimesida til Folkehelseinstituttet, www.fhi.no

Til sist så ønskjer me alle ei god helg, med reine hender og litt handsprit om ein skal eit ærend på butikken eller anna 😊


Sist oppdatert: 25.09.2020
Publisert: 25.09.2020