HeimNyheter- Takk for innsatsen, og hald fram med å følgja smittevernreglane

- Takk for innsatsen, og hald fram med å følgja smittevernreglane

Kjære austrheimingar:

Den 9. september bestemte kriseleiinga i kommunen at me skulle setja i verk strengare kommunale tiltak mot koronapandemien. Det var ikkje noko me gjorde med lett hjarte, men smitteutviklinga i Bergen gjorde at me fann det naudsynt å stramma inn på tiltaka våre. Reaksjonane let ikkje venta på seg, og fleire var kritiske til dei grepa kriseleiinga tok.

Dagen etter fekk me vårt første smittetilfelle i kommunen, og dei påfølgjande tre dagane kom det ytterlegare eit nytt smittetilfelle kvar dag, slik at me no har fire smitta personar i kommunen. Desse er frå 20-års alderen til godt opp i pensjonsalderen.

Sjølv om den kommunale kriseleiinga hadde jobba med pandemien sidan februar månad, og var godt førebudd på kva som kunne koma dersom me fekk smitte i kommunen, var det likevel utruleg flott å konstatera at planverket vårt fungerte og at kvar enkelt medarbeidar visste kva som skulle gjerast når me fekk vårt første smittetilfelle. Smittesporinga har gått etter planen, dei smitta har blitt isolerte, og nærkontaktane til dei smitta har blitt sett i karantene i tråd med planverk og retningslinjer.

Teststasjonen vår har hatt god kapasitet og folk har møtt opp i hopetal for å la seg testa. Per i dag har me testa meir enn 500 personar, og testinga held fram. No vert det rigga ein meir effektiv teststasjon ved kommunehuset som vil gje betre og tryggare trafikkflyt.

Kriseleiinga har møte kvar einaste dag og følgjer utviklinga frå time til time. Legane våre er sjølvsagt med på møta i kriseleiinga. Dei følgjer nøye med på anbefalingane frå Folkehelseinstituttet og gir med bakgrunn i desse råd og rettleiing.

Me gjorde det me kunne for å hindra at smitten skulle koma til Austrheim, men i eit samfunn der innbyggjarane har ei slik kontaktflate som me har, var det berre eit tidsspørsmål om kor tid pandemien ville ramma oss. No gjer me det som gjerast kan, for å slå ned pandemien så raskt som mogeleg.

Eg vil takka kvar og ein for den dugnadsinnsatsen de gjer for å hindra smittespreiing i lokalsamfunnet, og oppmoda alle til å følgja smittereglane nøye også i tida som kjem. Hausten vart ikkje heilt slik me hadde drøymt om i år, og mange aktivitetar har stoppa opp, men med godt førebyggjande arbeid og dersom mange let seg vaksinera når trygge vaksinar er på marknaden, vil me atter kunna leva det gode liv i Austrheim utpå våren ein gong.

Med ønskje om ein smittefri haust:

Per Lerøy, ordførar


Sist oppdatert: 16.09.2020
Publisert: 16.09.2020