Det er ferieavvikling ved legekontoret frå og med måndag 24. juni til og med fredag 9. august.
I denne perioden er det ingen timebestilling, men legekontoret er ope for øyeblikkeleg hjelp i tidsrommet 08.30 til 15.00 på kvardagar. Utanom desse tidene, kontakt Nordhordland legevakt på 116 117, eller ring AMK på 113.
Austrheim folkebibliotek
Hovudbiblioteket har sommarope frå 24. juni til 18. august:
- Tysdag klokka 10.00 - 15.00
- Onsdag klokka 14.00 - 19.00
- Fredag klokka 10.00 - 15.00
Fonnes filial følgjer skuleruta.
Det er sommarbibliotek i Årvika og i Øksnes friluftsområde. Her kan du låna bøker i heile sommar.
Frivilligsentralen
Aktivitetane på Seniorsenteret startar opp att i veke 33, frå måndag 12. august.
Frivilligsentralen takkar alle flotte frivillige som har brukt tid og krefter på å hjelpa andre i vår. Det betyr mykje for den einskilde. Frivilligsentralen ynskjer alle ein riktig god sommar.
Barnehagane
Kystbarnehagen og Kaland barnehage har Sommarbarnehage i veke 26-32.
Det er planleggingsdagar og stengt barnehage tysdag 13.08.19 og onsdag 14.08.19, før det så er oppstart av nytt barnehageår torsdag 15.08.19.
Symjebasseng Kaland
Symjebassenget på Kaland skule er stengt no i skuleferien.