HjemKampanjerValValvake og opningstider for valet

Valvake og opningstider for valet

Er du innbyggjar i Austrheim kan du velja fritt kva røystelokale du vil bruka på valdagen, anten Austrheimhallen eller Kaland skule. 

Innbyggjarar i andre kommunar kan på valdagen ikkje røysta i Austrheim, men må gjera dette i sin heimkommune. Vallokala i Austrheim opnar klokka 14.00, og er opne til 21.00. Hugs å ta med deg legitimasjon!

Frå klokka 21.00 den 9. september vert det valvake på kommunehuset, i Austrheimstova/kantina. Der er det mogleg å samlast for å følgja med på valet. Valvaka er det dei politiske partia som arrangerer.


Sist oppdatert: 10.06.2021
Publisert: 09.09.2019