HjemKampanjerValFørste framlegg til lister til kommunevalet 2019

Første framlegg til lister til kommunevalet 2019

Det kjem av vallova at listeframlegga skal leggast ut til ettersyn etter kvart som dei kjem inn. Jamfør § 6-6.Valgmyndighetenes behandling av listeforslagene, der det heiter at: (1) Listeforslagene skal legges ut til ettersyn etter hvert som de kommer inn.

Denne utlegginga betyr ikkje at lista er godkjent. Handsaminga av listene startar først etter at fristen for å levera liste har gått ut, i år er denne fristen måndag 1. april klokka 12.00.

Etter dette får kandidatane brev med beskjed om frist og framgangsmåte om dei vil trekkja seg, og partia får høve til fylla ut listene om nokon trekkjer seg.

Valstyret har frist på seg fram til 1. juni for å godkjenna listeframlegga, og først etter dette vert dei godkjende og offisielle listene tilgjengelege på nettsida valg.no

Listeframlegg Austrheim SV 2019

Austrheim Høgre kommuneval 2019

Listeframlegg Austrheim Arbeidarparti 2019

Senterpartiet, innlevert liste kommunevalet 2019

 

KrF, innlevert liste kommunevalet 2019

Bygdelista, innlevert liste kommunevalet 2019


Sist oppdatert: 10.06.2021
Publisert: 27.03.2019