Annakvart år er det anten stortings- og sametingsval eller kommunestyre- og fylkestingsval.
Det overordna statlege ansvaret for valgjennomføring ligg hos Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), medan det er kommunane og fylkeskommunane som har ansvar for den praktiske gjennomføringa av valet. Valdirektoratet er underlagt KMD, og har delegert ansvar for valgjennomføring på landsbasis.
Det er tidlegstemming hjå Servicekontoret på kommunehuset frå måndag 1. juli, og så startar førehandsstemminga på kommunehuset måndag 12. august.
Her kan du komma for å stemma måndag til fredag, mellom klokka 08.00 og 15.30. I tillegg vert det laurdagsope 24. august og 31. august, frå klokka 09.00 til 14.00 begge dagar.
Du kan førehandsstemma fram til og med fredag 6. september, og så er sjølve valdagen måndag 9. september.
På valdagen er det opne vallokale på Kaland skule og i Austrheimhallen, begge stader frå klokka 14.00 til 21.00.
Alle som har stemmerett er manntallsført. Kvar du er manntallsført og har stemmerett er avhengig av i kva kommune du er folkeregistrert som busett 30. juni i valåret. Denne datoen vert kalla skjeringsdatoen. Om du registrerer flytting til ein annan kommune etter 30. juni i valåret, har du stemmerett i din gamle bustadkommune. Om du registrerer flytting før 30. juni vil du ha stemmerett i din nye bustadkommune. Manntalet vert lagt ut for ettersyn den 10. juli, det vert gjort tilgjengeleg i papirform på kommunehuset.