Vassforsyninga i Austrheim

I helga var vassforbruket svært høgt og vi måtte oppmode innbyggjarane om å bruke mindre vatn. Denne situasjonen er no under kontroll, og oppmodinga om å vere forsiktig med spyling, vasking og liknande gjeld ikkje lenger.

Det vart oppdaga nokre lekkasjar på private leidningar som førte til store tap i vasstilførselen. Dei fleste som er tilkopla kommunalt vatn har private leidningar inn til husa sine og Teknisk drift oppmoder alle om å følgje med på sine anlegg. Ta kontakt med oss om de oppdager større lekkasjar.

Den generelle situasjonen når det gjeld vassforsyninga i Austrheim er framleis ikkje løyst, og stort forbruk vil dessverre føre til redusert trykk hos einskilde også i tida framover. 
Teknisk drift kjem framleis til å bruke mykje ressursar leiting etter lekkasjar og på anna arbeid med det kommunale leidningsnettet, for å stabilisere vassforsyninga og på sikt prøve å betre den.

 

Web levert av CustomPublish