turstier

- unn deg ein tur til det vestlegaste punktet på fastlandsnoreg

Vardetangen

Noregs vestlegaste fastlandspunkt, Vardetangen, ligg i Austrheim kommune på 4 grader 56 min. 43,182 sek. austleg lengde, 60 grader 48 min. 36,614 sek. nordleg breidde. Har du vore på Nordkapp og Lindesnes, så kan du no få med deg den vestlegaste pynten av fedrelandet.

Merka rundløype på omlag 5 km til Vardetangen og videre til badeplass ved Årvika med bord og toalett. Vegen går videre på sørvestsida av Fonnesvågen, forbi fiskevatn (fiskekort) og langs idyllisk bygdeveg attende til parkeringsplass ved Vardetangen snøggbåtkai. Du kan og starte turen frå parkeringsplass ved molo i Nordre Fonnesvågen.

Stad: Fonnes, Austrheim
Turkart: Austrheim (1 : 25.000)

Start og sluttpunkt: Ved Vardetangen hurtigbåtstopp eller molokaien i Nordre Fonnesvågen
Parkering: Ved molokaien i Nordre Fonnesvågen, eller ved hurtigbåtstoppen på Vardetangen. Alt etter kvar ein ynskjer å starte turen

Tilkomst med offentleg transport: Buss frå Mastrevik eller buss frå Knarvik over Lindås kan begge nyttast. Eit godt utgangspunkt for turen er hurtigbåtstoppen på Vardetangen. Hurtigbåt til/frå Bergen, Sogn og Nordfjord stoppar her.

Merking: Informasjonstavle ved startpunkt. Skilta og merka etter ny løypestandard.
Gradering: Grøn. Lett fottur. Ein støvel etter DNT-systemet
Høgdeskilnad: 0 – 25 m moh. Samla stigning er ca 50 meter
Tidsbruk: Heile rundturen tar ca 2 timar
Gode råd: Nokre våte parti, bruk høvelege sko.


Er det ein flott dag som eignar seg for eit bad, kan det vera ein ide med stopp i Årvikane og prøve badekleda.


Turomtale: Vardetangen er Noregs vestlegaste fastlandspunkt Merka rundløype på om lag 5 km til det vestlegaste fastlandspunktet i Noreg, Vardetangen (4 grader 56' 58" austleg lengd), og vidare til flott badeplass i Årvikane, tilrettelagt med bord og toalett. Vegen går vidare på sørvestsida av Fonnesvågen, forbi fiskevatn (fiskekort) og langs idyllisk bygdeveg attende til parkeringsplass ved Vardetangen hurtigbåtstopp. På Torvneset i starten av løypa, finn du ein husmannsplass med restaurert jordkjellar og ryddingsrøyser. Her er det plassert ut bord og benkar og det er tilkomst på universell utforma veg. Du kan og starte turen ved molo i Nordre Fonnesvåg.

Som eit minne frå at du har vore på det vestlegaste fastlandspunktet i Noreg kan du kjøpe deg eit eige sertifikat eller Vardetangent-skjorte. Dette kan du kjøpa hjå Kjelstraumen Vertshus, hjå servicekontoret på Austrheim kommunehus eller i kommunen sin webshop

 

Web levert av CustomPublish