Norskopplæring for vaksne innvandrarar

Austrheim kommune gir opplæring i norsk med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Undervisninga foregår for tida i gamle Årås barnehage. Me har for tida til saman 21 deltakarar fordelt på tre grupper frå Kina, Polen, Filippinene, Thailand, Somalia, Litauen, Mexico, Spania og Ukraina. Me tilbyr undervisning på ulike nivå, no berre på dagtid. Me har ikkje faste tider for oppstart av nye grupper, det gjer me ved behov. Sist me starta opp med nye grupper var i september 2014.

Har du rett på gratis norskkurs?

Rett og plikt:

Mange innvandrarar har oppholdsløyve som gir rett og plikt til norskopplæring. Rett tyder at opplæringa er gratis, det gjeld også lærebøker.  Plikt tyder at ein må ta 600 timer (frå 01.01.2012) for å få permanent busetjingsløyve. Det vil seie 550 timar norskopplæring og 50 timar samfunnskunnskap. Ein kan søkje om fritak frå denne plikta dersom ein kan dokumentera gode norskferdigheiter, til dømes bestå nivå A2 på Norskprøven. Dei med rett og plikt får i samarbeid med lærar utarbeidd ein individuell plan der ein mellom anna set opp konkrete delmål for personleg progresjon. Er du usikker på om du har rett og plikt kan du kontakta oss, så hjelper me deg.

Les meir om rett og plikt til norskopplæring i introduksjonsloven: http://www.lovdata.no/all/hl-20030704-080.html#map004

 

Norskopplæringa arrangerer me i kommunen, men undervisninga i 50 timar samfunnskunnskap skal skje på morsmålet eller på eit språk deltakaren forstår godt. Derfor må deltakarane som regel til ein annan undervisningsstad, til dømes Bergen eller Knarvik.

 

Er du arbeidsinnvandrar? Alle er velkomne på norskkurs.

Mange av deltakarane på kursa våre er arbeidsinnvandrarar.  Dei har verken har rett eller plikt til norskopplæring, og kommunen har heller ikkje plikt til å tilby desse norskkurs. Alle som ynskjer det er likevel velkomne til å delta på eit av norskkursa våre. Prisen er 35kr timen. Lærebøker kjem i tillegg, som regel rundt 900kr.

 

Undervisninga følgjer skuleruta i kommunen.

 

For informasjon og søknad ta kontakt med:

Bodil Boie Brekkan

t. 56 16 22 00

 

 

eller

 

Einar Amund Kartveit

9505 8861

einaramund.kartveit@austrheim.kommune.no

 

Nyttige lenkjer:

Frå offentlege styresmakter

 

Ny i Norge, praktiske opplysninger fra offentlige etater: http://www.nyinorge.no/

 

Et inkluderende språk: http://www.regjeringen.no/nb/dep/ad/dok/veiledninger_brosjyrer/2007/et-inkluderende-sprak.html?id=479767

 

Endringer i introduksjonsloven: http://www.regjeringen.no/nb/dep/bld/dok/rundskriv/2011/q-352011-iverksetting-av-rett-og-plikt-t.html?id=667997

 

Permanent oppholdsløyve, UDI: http://www.udi.no/templates/tema.aspx?id=2971

 

Innvandring og inkludering: http://www.regjeringen.no/nb/tema/Innvandring_og_inkludering.html?id=918

 

Integrering og mangfold: http://www.regjeringen.no/nb/dep/bld/tema/integrering.html?id=1138

 

Søknadsskjemaer UDI: http://www.udi.no/templates/innholdstype.aspx?id=2163

 

Imdi: www.imdi.no

 

 

Andre lenkjer

Språkrådet, rettskriving og ordlister: http://www.sprakradet.no/Sprakhjelp/

 

Les via Statistisk Sentralbyrå om innvandring og innvandrere.: http://www.ssb.no/innvandring/

 

Ta Tomas Hyllands Eriksens quiz om innvandring og integrering i Norge: http://quiz.start.no/63634

 

Norskprøven: http://www.vox.no/norskprove/

 

Les om innvandring til Noreg: http://no.wikipedia.org/wiki/Innvandrere_i_Norge

Web levert av CustomPublish