Festivaltelt

Her er eit av telta som lag og organisasjonar kan låna Helge Dyrkolbotn

Utleige av festivaltelt

Austrheim kommune har inngått avtale med Norwegian Weather Protection (NWP) på Seim der kommunen har kjøpt eit antal telt som vert vedlikehalde og oppbevart hjå NWP. Telta er tenkt brukt til større arrangement i kommunen. Til no har både Fonnesdagen, landbruksdagen og Havsportveka gjort seg nytte av telta. I tillegg til telt har kommunen kjøpt inn bord og benkar til 800 personar.

Telta er av svært god kvalitet og eignar seg godt til ulike arrangement.

Lag og organisasjonar som ynskjer å låne telt gjer dette kostnadsfritt, men må betala for evt transport frå/til Seim, og dei må betala for å få NWP til å setje opp telta. Dersom ein sjølv henter og bringer telta og set dei opp sjølv vil det ikkje bli noko kostnad for arrangøren.

Telta kommunen eig er fylgjande:
20 x 30                  1 stk
12 x 24                  1 stk
6 x 9                      1 stk
3 x 3                      3 stk
5 x 5                      4 stk
3 x 6                      2 stk

Ta kontakt med Austrheim kommune, tlf. 56162000 eller post@austrheim.kommune.no om dette har interesse for ditt lag og din organisasjon. Det er utarbeid eit eige skjema for bestilling av telta.

Eksterne lag og organisasjonar som ikkje høyrer til i Austrheim kan leige telta hjå NWP på Seim. Dette gjeld også andre som ynskjer å leige telta.

Web levert av CustomPublish