U1_809x300

Det er mykje å finne på i Austrheim.

UNG I AUSTRHEIM

Hjarta av Austrheim kommune sitt ungdomsarbeid finn du i Ungdommens hus. Her kan ein møta venner og drive med ulike aktivitetar. Austrheim ungdomsklubb er ope to kveldar i veka i Ungdommens hus, du er velkommen med innspel til aktivitetar i klubben. I tillegg til ungdomsklubben kan du vera med i idrettslaget, kjøre Enduro, symje på Kaland og vera politisk i ungdomsrådet.

 Ungdommens hus har ulike aktivitetar du kan driva på med. Du kan læra deg å spela gitar, trommer og piano. Du kan spela Wii, Playstation og X-box. Huset har symaskiner, Mac til film- og fotoredigering, lerret til å mala på, brettspel som Monopol og stigespel. Det er ein liten ”kinosal om du vil sjå film og ein stol å sitje i om du bare vi heng. Det er eiget mekkeverkstad for dei som ønskjer å fiksa på syklar og mopedar. Så her skal det godt gjerast å kjeda seg. 

Skulle du kjeda deg i Austrheim så tar du kontakt med ungdomskoordinatoren, Anita Soltveit, og gjer henne tips om aktivitetar du ønskjer.

Anita Soltveit

anita.soltveit@austrheim.kommune.no

 

47480209

 

 

 

 

Mekkeverkstaden ved UNGDOMMENS HUS er sponsa av: 

TOOLS LOGO.jpg

 

 

 

Web levert av CustomPublish